No er dagen for avreisa nesten der, det er faktisk i morgå. Eg er ikkje reisevant, så dette blir ei utfordring for meg. Turen går over atlanteren og målet er som sikkert dei fleste som kjem til å lese dette innlegget veit, Washington DC. Det er lenge sidan billettane var i boks, og då var det berre å prøve å gle seg til overfarten. Eg er ikkje så glad i flyturer, men alle seier at ditta går bra....velger å tru på det. Det er ikkje mykje som minner om vinter og jul ute, så eg tok meg ein tur til skogs på jakt etter litt pynt. Det vart no litt trivligare rundt huset.
15.11.2016 Blåtur med innlagt julebord. Labbens harde kjerne i aksjon.
30.10. 2016 Så er det safting som står på agendaen.
30.10.2016 Tur med noko attåt
No er det vakre veret vi har opplevd i haust over for ei stund, men eg fekk no tid å nyte litt av det i vår frie natur. Eg er ikkje den som er så ivrig å springe på fjellet, men denne dagen vart eg lokka med på nokke som skulle vere ein liten snerten tur. Det viste seg å vere ein seig oppoverbakke som ingen ende ville ta. Må innrømme at eg ikkje var heilt motivert av denne grusvegen som skulle føre oss til eit Stikk ut mål...men min turkamerat hadde lova å bli med på ein anna ekspedisjon etterpå, så det vart til at eg beit tennene sammen og gjekk og gjekk..
27.10.2016 Ein tur rundt bygda før veromslaget.
No er hausten med all si fargeprakt på hell. Høgtrykka som har gitt oss vekesvis med sol frå skyfri himmel,er erstatta med lavtrykk, nokke som gir oss velkjendt ruskever. Hadde seinvakt dagen før det braka laust og tenkte at eg måtte få med meg fargeprakta vi har hatt denne hausten. Det vart som sagt ein tur rundt bygda, så det er berre å slå følge....fekk no auge på ulike fotomotiv på turen.
16.10.2016 Svipptur til Molde
08.09.2016 Ulike sysler i Haugane 12 på ein fridag.
Turnuslivet kan vere hardt med jobbing til alle døgnets tider, men det er fordeler også, slik som i dag. Fri ein heil dag nesten midt i veka. Vakna tidlig som vanlig, hadde igrunn blanke ark, men hadde bestemt meg for å vere heime. Starta med ein sunn frokost i allefall. Er hekta på heimelaga knekkebrød for tida. Dei går ned både med pålegg på, og som tilbehør i youghurten.
30.08.2016 Elsatur del 3
Det er vel best å få overstått denne følgetongen frå bilturen i sommer. Dette er altså tredje og siste akt. Etter ein lang god frokost, tok vi farvel og takka fint for oss i Vedvika, og vi lovte å komme tilbake :-) Frå Måløy tok vi ferge til Oldeide, og då var vi komne til Bremangerlandet. Vegane var av same standard som dagane før, men vi kjørte slik gamle damer skal,og kom oss trygt fram til Kalvåg som var det endelige målet for turen. Bildet over er havna i Kalvåg.
29.08.2016 Elsatur del 2
Det tok si tid å fullføre innlegga frå bilturen. No tenkte eg å ta dåkke med til Vedvika, ei lita perle av ein plass ut mot Stadthavet. Vi fekk som før fortalt privat innlosjering, det var også ei lita perle. Tenkte dåkke kunne bli med på ein spasertur vi klarte å smette inn mellom regnbygene.
20.08.2016 Elsatur del 1
No er første feriebolken i 2016 snart over, mandag er det påan igjen. Vi sat og snakka om feriemål på jobb ein kveld, og då var det ei som kun hadde tenkt seg på nokre Elsaturer ..hæ, ka det er for nokke då, tenkte eg. Då kunne ho fortelle at ho var inspirert av turane eg la ut på bloggen, turer hit og dit i nærområdet. Vart no litt stolt av at eg kunne bidra i så måte. Så vart det Elsatura på meg også. Har invistert i ny bil..ja, ja den er no ikkje heilt ny då, men har ikkje fått testa den anna enn i Brusdalen nesten, så det vart ein tur ned til Bremangerlandet på smale, svingete og bratte opp- og nedoverbakka.
07.08.2016 Mitt bidrag for å redde verdens polinering.
24.07.2016 Kay og Koy inviterte til William sin barnedåp.
Søndag med finever, og eg er så heldig å få bli med i barnedåp.Stod opp i god tid og var ferdig pynta lenge før kirketid. Det vart nokre sjølknips for å korte ned ventetida før avgang, det var glirever, så eg ser litt morsk ut...men eg var i godt humør og gledde meg.
21.07.2016 Feiring framme på Reiten 11 av ei hending som skjedde for 44 år sia.
Det er no nokre dager sia eg vart invitert til middag framme på Reiten, og hendinga som skulle feirast, var ein 44 års-dag. Ikkje greitt å samle sammen mange gjester midt i ferietida, så det vart dei aller nærmaste som held seg heime i ferien, som takka ja... Det vart spleisa på gåver , og vi laga til fleire småpakkar.
09.07.2016 Blåtur
Har vore inne på tanken om å legge ned heile bloggen, for det har ikkje vore nokke serlig å berette sia 17. mai...før i dag faktisk..så no er eg igang igjen. Det har seg slik at ein av mine nærmaste er satt ut av spel for nokre veker. Ikkje lett å bli krykkjebruker når planane for sommer og haust var å komme seg i form til årets reinsdyrjakt. Eg har tatt på meg å vere brukerstyrt assistent innimellom, og i dag blir det altså blåtur på meg. Vi var sjølsagt uheldige med veret, men det tok vi på strak arm. Mi oppgåve var å vere sjåfør ettersom mitt reisefølge ikkje er brukbar til det på ei stund....
25.05.2016 Feiring av nasjonaldagen på Vatne 17.mai.
Det er no litt i seinaste laget å dokumentere feiringa av 17. mai, men alltid bedre seint enn aldri. I fjor feira eg i Oslo, og gledde meg til å feire på Vatne ilag med barnebarn i år. Fekk nyss i at det kanskje er siste året det er tog her nede i sjølve bygda. Ny sjukeheim er under oppføring på Eidet, og alt skal visst skje der oppe heretter. Det starta med ein kald morgen, fekk no med på bildet at det faktisk var nysnø på Grøtshornet....perfekt bunadsver.
17.04.2016 Glimt frå den årlige feiringa av oss sjølve.Bioingeniørdagen 15.april 2016.
Fredag og nesten helg. I dag var det min tur å betjene poliklinikken, tok ein snarveg opp til labben for å nyte synet av eit folketomt venterom. Hadde no glømt at det var storfeiring på gang, og då eg fekk oppdraget som fotograf, måtte eg ut i bilen etter fotoapparat. Ikkje ein einaste kunde då eg kom att heller, så då fekk eg forevige dagens første inntrykk..
04.04.2016 Nyhende på brødfronten...Cloud bread.
Hallo atter ein gong. Har fridag på ein mandag.... sånn er det for folk som jobber ei og anna helg. Låg ei stund frampå i dag og surfa på Ipadden, og då dukka det opp tips om brød som nesten ikkje inneheld anna enn luft, iallefall ifølge overskrifta. Det passa meg å prøve, for eg er invitert i eit selskap om ikkje så lenge , og bestekjolen er ser litt liten ut der den heng(har ikkje orka å prøve den på ei stund)..
08.03.2016 Pauseaktivitet frå TV, Iphone og Ipad
Hei! Eg er i grunn heldig som får besøk av to kjekke damer av og til. Dei bor ikkje så langt unna, men er opptatt med med sitt i vekedagane. No har det seg slik at vi laga så gode tjukklefser til jul, at etterspørselen har tatt av i det siste. Det nærma seg påske, og kom då på at lefser kan no passe i påska også. Vi avtalte å bruke laurdagskvelden som bakstedag. Eg googla ei oppskrift og smekka saman ei deig dagen før, inviterte så mine kjekke venninner til ein kosekveld..
06.03.2016 Kveldsskift på labben
Hei igjen! Synes eg må ta dåkke med ein tur på labben for å sjå korleis det går med alt det nye som er på gang. Alle er faktisk konstant på opplæring føles det som. Eg er ikkje så populær når eg dukker opp med fotoapparatet, så eg valgte å ta eit sjølknips før avgang, slik at det finst bilder av meg også.....
28.02.2016 Søndagskafe` på Vatne
Må vel seie god ettermiddag denne tida på døgnet. I dag var det laga til kafe` på¨Tusenårs staden her på Vatne. Det er nesten nærmaste nabohuset til Haugane 12, så eg synes eg måtte ta meg ein tur. Det var 7. klasse med foreldre som inviterte på vafler, kaker, saft og sjølsagt kaffi. Flott tiltak...fekk med meg Hedda og Vilde.
27.02.2016 Egg på menyen i dag.
Hei og god morgen! Dei som titter innom bloggen iblant er kanskje lei av å sjå ka eg styrer på kjøkkenet, men eg prøver meg ein gong til. Det dukka opp ein kar her ein dag med masse egg, og ettersom eg har levd mest på pilla og pulver nokre veker, så vart dei ståande i kjellaren i påvente om bedre tider. I dagtidleg var det tomt for pulver, og brødskuffa var slikka tom for brød, Så då var det egga som redda meg frå å svelte, ikkje ihjel, men nesten....
21.02.2016 F.I.T. C9 Feel Better.Look Better del 4
Tenkte å avlegge ein liten rapport igjen. No Har C9 blitt til C14. Det treng nok ei forklaring. Ettersom det har blitt ein tend å ikkje kaste mat, så bestemte eg meg for å fortære restlageret av C9 opplegget, og det viser seg at eg har 16 fiberpakka, masse zn-tabletta, bitte litt pulver og gel for nokre dager til,.så C14 blir utvida. Synes det går greitt så lenge ein deilig sunn middag er på menyen kvar dag. Er også fornøgd med resultatet, både vekta, humøret og energien peiker i rett retning....
13.02.2016 F.I.T C9 .Feel Better Look Better del 3
No har eg fått blod på tann. To blogginnlegg på ein dag har ikkje skjedd før :-) Tru om det er aloveragelen som funka?? Det vart sagt at energien ville ta seg opp etter eit par daga, så kanskje det held stikk...vi vart enige om å komme oss på tur i allefall..
13.02.2016 F.I.T C9.Look Better. Feel Better del 2
Hallo igjen. Ein liten rapport frå gårsdagen. Hadde ein avtale med ei likesinna som dreg kampen ilag med meg. Vi har gledd oss til middagane, og no vart det kokkerlering i skumringstimen etter ein lang dag på jobb, det meste er på plass..
09.02.2016 F.I.T. C9 Look Better.Feel Better osv..del 1
Hallo, hallo. No går det mot vår og meir lettkledde tider. Tok ein titt inn i kleskapet her ein dag, tenkte å få litt oversikt om nokke var brukande til våren. Fann sommerbukser i ulike farger og fasonger, men dei hadde visst krympa i løpet av vinteren, så no altså...
23.01.2016 Ein sprudlende og stor merkedag på jobb.
Må berre atter ein gong ha ei oppdatering om det som skjer på laboratoriet. No har stjernestøvet lagt seg( iallefall for min del), og i dag er det alvor, stolthet og boblende glede som rår. Tok no med fotoapparatet med tanke på eit blogginnlegg, og då blir det frå A til Å som vanlig....
Abonner på:
Innlegg (Atom)