Sider

17.04.2016 Glimt frå den årlige feiringa av oss sjølve.Bioingeniørdagen 15.april 2016.

Fredag og nesten helg. I dag var det min tur å betjene poliklinikken, tok ein snarveg opp til labben for å nyte synet av eit folketomt venterom. Hadde no glømt at det var storfeiring på gang, og då eg fekk oppdraget som fotograf, måtte eg ut i bilen etter fotoapparat. Ikkje ein einaste kunde då eg kom att heller, så då fekk eg forevige dagens første inntrykk..



.men då var min medsammensvorne for dagen komt på plass, og eg måtte også logge meg på og komme i gang. Det varte ikkje lenge før vi hadde nok å styre med.

Tenkte å lure meg innom pauserommet etter ein morgenkaffi, men der var det ting på gang. For den som lure på ka som skal feirast, så er det den årlige bioingeniørdagen i dag. Altså 15.april er den internasjonale bioingeniørdagen, og blir feira på ulike måter rundtomkring. Første gongen eg har opplevd sånt styr som det ser ut til å bli i dag, men det er no berre kjekt det. Droppa kaffien og tok meg ein tur innom labben for å få ein strekk på beina...

..vi blir ikkje arbeidslause, prøvene strøymer på. og vi er like blide.

Hm, litt problem her kanskje? Ikkje alltid nymaskina er like blid...

..trur det løyste seg denne gongen også.

Her ser alt til å vere under kontroll, og med ein super lunsj i vente,  er smila på plass.

Midt i kampens hete på poliklinikken,  fekk eg streng beskjed om å møte opp med fotoapparatet. Då hadde "festkomiteen" laga til og ønska oss alle ei fin feiring. Kjempeflott kake, god var den også, men det var masse meir å smake på før den vart spretta. Bilda får tale for seg sjøl.


( Er det berre eg som ser ei blå linselus?)


Fleire kom til, så det var god avsetning på maten, og det smakte godt.



..ei som var fornøgd med feiringa, ho var med i komiteen, og fekk velfortjent skryt av salaten ho hadde laga.

Skikkelige porsjoner, den nærmaste er visst min sin :-)

Det var ikkje måte på ka dei hadde laga til. Likentil ost, kjeks og frukt, og endå ei kake. Hvis nokken trudde at vi var ferdig med å feire med ein lunsj, så må eg no røpe at vi feira både bioingeniørdagen og at vi atter ein gong hadde fått lønna inn på konto, med ein aften på byen og endå meir mat..



..12 retters tapas. Slå den!

Avslutta med tapasdessert. Tør ikkje tenke på kor mange kaloria som gjekk ned denne dagen. Det finst ikkje nokka blodprøve som kan  avsløre det desverre. Alle var enige om at det hadde vore ein flott dag. Takk til dei som laga til lunsjen, og takk dei som fekk oss med ut på byen ...og den som ikkje kan feire slik som ein bioingeniør kan...har nokke å lære :-))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar