Hallo atter ein gong. Har fridag på ein mandag.... sånn er det for folk som jobber ei og anna helg. Låg ei stund frampå i dag og surfa på Ipadden, og då dukka det opp tips om brød som nesten ikkje inneheld anna enn luft, iallefall ifølge overskrifta. Det passa meg å prøve, for eg er invitert i eit selskap om ikkje så lenge , og bestekjolen er ser litt liten ut der den heng(har ikkje orka å prøve den på ei stund)..
Det viste seg at brøda inneheld nesten berre egg, og sidan eg har fått endå eit brett med egg, så var det berre å sette igang og lage meg ferske frokostbrød.
Det måtte litt meir enn egg til, men ikkje mykje. Litt salt, kremost og ein dasj bakepulver. Eg hadde berre naturellost, så det vart litt italienske krydder som fekk smaksette "brøda"
Første steg var å skille egga, stivpiske eggekvitene i ein bolle for seg sjøl..
..blanda plommene med resten av ingrediensane.
Blande det heile forsiktig med ein slikkepott.
Det viste seg at eg hadde vore for forsiktig med blandinga, men det får berre våge seg.
150 grader i ein halvtime..det lukta faktisk godt.
Dei måtte kjøle seg litt på plata før eg kunne smake. Sånne sunne brød fortjenter vel sunt pålegg, så valget vart cottage cheese med kiwi som dåkke ser. Det vart no frokost, men å kalle det brød er litt på kanten, men det gjekk ned. Har knekkebrød i hus heldigvis.
Såg kjempegode ut, fortjener en ekstra god frokost etter ei lang arbeidshelg:) Nammis 👍👍
SvarSlett