Hei! Eg er i grunn heldig som får besøk av to kjekke damer av og til. Dei bor ikkje så langt unna, men er opptatt med med sitt i vekedagane. No har det seg slik at vi laga så gode tjukklefser til jul, at etterspørselen har tatt av i det siste. Det nærma seg påske, og kom då på at lefser kan no passe i påska også. Vi avtalte å bruke laurdagskvelden som bakstedag. Eg googla ei oppskrift og smekka saman ei deig dagen før, inviterte så mine kjekke venninner til ein kosekveld..
Eg ga etter for presset om å ha nugatti i hus. Hadde hørt at det også passer på lefsene så det måtte prøvast, men først hardt arbeid med kjevling. Eg laga ei kjempedeig, den vart litt kleimete , så det vart ein del mjøl som fauk rundtomkring.
Vilde gjekk til oppgåva med friskt mot, ho var kjempeflink og lærevillig.
Her er endelig lefseprøva med nugatti på programmet. Godkjent.
Etter prøvesmakinga fann Hedda ut at ho ville bake ein anna gong.
Ho hadde med seg kompisen Hundi og dei kosa seg med andre ting.
Må skryte endå ein gong av Vilde, no har ho knekt koden med kjevlinga..
..og ho held meg i aktivitet uten pauser i steikinga.
Her sit lurhøna. Ho tegna og kosa seg i rommet ved siden av...
...og lefsehaugen vokste.
Det tok si tid. Oppvasken i kjellaren vart utsatt til neste dag, så vi inntok kjøkkenet til smørebu.
Kjempegode, smak då Besta.
Måtte koste av litt mjøl før smøringa. Vi brukte både brunost, sukker og kanel , og nokre fleire med nugatti på.
Det var seint på kveld før vi var ferdige. Her er dei på veg bort til ein filleonkel med ei ladning nysteikte, nesten lunkne lefser. Han er ein av dei som har etterspørt godsakene.
..her er målet nådd. Trur han vart skikkelig overraska og glad.
No skal dommen falle...
..ingen fare. mmm..kjempegode. Han gledde seg til å invitere naboen på kaffi og lefser neste dag.
Han takka masse og skrytte av jentene ( ..litt av bestemora også faktisk.).Hedda var også fornøgd, kanskje ho gler seg til ein anna gong...Det vart ein kjekk kveld uten tastetrykking og TV titting. Det går an innimellom...Gler meg til neste stunt i kjellaren eg også, kanskje vi skal lage fiskekaker. Eg lufta tanken til dei, og det var greitt...så følg med :-))
Kjempestas med heimebakst, dåkke e jammen driftige:) Heldige Onkel Trygve som fekk smake;) Toppers 👍👍👍
SvarSlett