Sider

06.03.2016 Kveldsskift på labben



Hei igjen! Synes eg må ta dåkke med ein tur på labben for å sjå korleis det går med alt det nye som er på gang. Alle er faktisk konstant på opplæring føles det som. Eg er ikkje så populær når eg dukker opp med fotoapparatet, så eg valgte å ta eit sjølknips før avgang, slik at det finst bilder av meg også.....

Det har vore omfattande ombygging og omkalfatring i dei lokala vi disponerer. No har vi endelig fått att resten av pauserommet, trur det blir ein liten fest når alt er i orden, god plass no ser dåkke,

Litt trangere på "stillerommet", men alle er i strålande humør (nesten alle :-)

Masse å holde styr på, tre skjermer pr. operatør.

Dette er dagpersonalet som er klar for avslutning slik at neste team kan ta over...

...måtte visst til med litt kalibrering heilt på tampen(trur det var det ho sa)

Det er også ein gjeng som betjener sjølve maskina med forskjellige forbruksmateriell..så som tipper, korker osv..er ikkje sikker på om det er antydning til et smil eg ser..

..knebøy står visst i prosedyra endå. Må no føye til at ting går seg til, synes gjengen er både flinke og stort sett positive.

Så over til nokke heilt anna. Cobasen , som vi kaller det nye utstyret, er romfrekk.  Akkurat no føler nok mange av oss at vi er trykt opp i eit hjørne. No er kveldsvakta i gang, og det dukker opp den eine kofferten etter den andre frå legekontora rundtomkring. Alle prøvene skal sorterst og analyserast. Masse arbeid, men trøsta er at vi blir i allefall ikkje arbeidslause.


Trangt ser dåkke, men smilet er på plass.

..endå fleire kofferta. Ikkje berre er det mange, dei fleste er blitt større også :-)

..ja, ja det går nok bra.Hørte forresten om ei av oss som drubba i kofferthaugen her ein kveld. Ho gjekk rett på try,,nei, nei på knea rett i betonggolvet. Veit ikkje omfanget av fallet.

Kjøleskapet  og sentrifuga er også trengt opp i eit hjørne for ei stund.

Alle kroka og kriker blir benytta som mellomlager.

Trangt ja, men det er viktig å vere positiv.

Jaudå, det går bra.

Her eit glimt frå det innebygde Cobasrommet..

..klart det trengs god plass.No er alle modulane i bruk og det går igrunn fint.Det har no vore nokre utfordringer, men er ting ein lærer av bla, bla.bla.....men no står vi overfor ei skikkelig utfordring. Eg har hørt at denne karen..


....slit med influensa. No skal eg på nattevakter neste veke, håper han ikkje dukker opp.Kanskje han er ein utsending frå Norsk akrediternig??  Eg er ikkje fullt opplært endå, så då blir det min kompanjong som får ta støyten. Dåkke skal få rapport hvis mine bange anelser slår til..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar