Sider

28.02.2016 Søndagskafe` på Vatne

Må vel seie god ettermiddag denne tida på døgnet. I dag var det laga til kafe` på¨Tusenårs staden her på Vatne. Det er nesten nærmaste nabohuset til Haugane 12, så eg synes eg måtte ta meg ein tur. Det var 7. klasse med foreldre som inviterte på vafler, kaker, saft og sjølsagt kaffi. Flott tiltak...fekk med meg Hedda og Vilde.



 Eg var skrapa for kontanter, men banken er berre eit steinkast unna, så det ordna seg.

På folkemunne kaller vi dette kultursenteret på Vatne for Fauskegarden, Kvar navnet kjem ifrå veit eg ikkje. Prøvde å google det, men fann ikkje ut nokke. Det får bli ein anna gong. Vi gledde oss til å bli med på dette.

 Her er damene klare, men måtte sjølsagt ta oppstilling for fotografen.

 Hm...Tennfjordinga dukka også opp, ikkje verst...

 Alt såg godt ut og det var visst litt vanskelig å bestemme seg.

 Hedda valgte vafler og skrytte som berre det, så det vart ei runde til.

 Tatt på fersk gjerning..eg som trudde ho titta i sogeboka..

 ..vart litt flau trur eg, så ho bladde febrilsk i boka etter avsløringa :-)

Hedda fann seg tegnesaker og var fole fornøgd med det. Ho har bestemt seg for å bli kunstner, så det var midt i blinken.

 Her har ho tegna meg faktisk..

Vi var ikkje åleine der nede sjøl om det kan sjå slik ut, men eg må vere forsiktig med å legge ut bilder av folk utan løyve. Etterpå stakk vi opp til meg og fortsatte . Då vart det smothie som var på ønskelista...

 ...kjempegod.

Sjølsagt måtte det forevigast og sikkert ut på instagram. Vi var einige om at det var ein kjekk ettermiddag, så håpe det blir laga til nokke liknande ein anna gong også. Ja, ja..no er det middagen som står for tur, så eg må ta meg ei pause frå dinna blogginga...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar