Sider

13.02.2016 F.I.T C9 .Feel Better Look Better del 3

No har eg fått blod på tann. To blogginnlegg på ein dag har ikkje skjedd før :-) Tru om det er aloveragelen som funka??  Det vart sagt at energien ville ta seg opp etter eit par daga, så kanskje det held stikk...vi vart enige om å komme oss på tur i allefall..



 Veret var på topp og det var humøret også..

 Måtte berre ta med dette bildet, det går an å gå fiskebein uten ski også.

 Så måtte eg ta oppstilling, med nye hansker og godt humør. Kjekt på tur.

 Måtte no leike oss litt, slankande skygger :-)

 Litt reklame for den flotte turen det er å gå langs Synnalandsvatnet.

Denne dukka opp, det var varme i bålpanna, men vi hadde sjølsagt ikkje med nokke å grille. Det får bli ein anna gong.

 Mange fine fotomotiv,

 Men svolten gnog litt og vi tok turen til nærmaste butikk..

 ..og her kunne vi boltre oss i frukt og grønt.

 Humøret er på plass og no er planen klar.

 Lunsj etter alle kunstens regler, sundt og ikkje minst deilig.

 Vaniljesmutie.

Og litt frisk appelsinjuice med nesten ingen kaloria. Det er faktisk kjekt med dette opplegget, i allefall når det er skikkelig middag på menyen. Gler meg til dag 9 og oppdatering av resultater. Snakkast .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar