Sider

09.02.2016 F.I.T. C9 Look Better.Feel Better osv..del 1

Hallo, hallo. No går det mot vår og meir lettkledde tider. Tok ein titt inn i kleskapet her ein dag, tenkte å få litt oversikt om nokke var brukande til våren. Fann  sommerbukser i ulike farger og fasonger, men dei hadde visst krympa i løpet av vinteren, så no altså...



 Har fått tips om nokke som kan hjelpe for sånne problem, og dette dukka opp her ein dag.

Synes det minte meg om ein medisinkur, sa eg leita fram litt glass-og krystall ting for at det skulle bli litt kosligare.

 Dei to første dagane blir tøffe, dette er frokosten. Veit ikkje heilt. men det gjekk ned.

 Så trimming ein halvtimes tid..

Har visst ikkje fått all julepynten på loftet, men det var greitt å ha selskap av denne lille karen. Trur faktisk eg fekk applaus då eg var ferdig med trimøkta.

 Tid for lunsj.

Dette vart middagen. Det vart litt småspising av diverse frukt og grønt i mellom måltida og rikelig med vatn. Synes det er godt med kokt vatn med ei sitronskive i, det metter faktisk. Dag to er reprise av dag en, men dag tre gir rom for litt mat..skal prøve å fortelle kor det går etterkvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar