Det første ein som er litt kjent på laboratoriet legg merke til, er nok nye vegger og nye lukkede rom. Eg er no litt forvirra, og prøver å finne ut kor det er lettast å gå for å utføre mine daglige oppgaver..
Kom tidlig på jobb i dag, og tok meg ei runde for å sjå ka som var nytt frå i går. Komadorommet er no på plass og gir full oversikt på maskineriet.
Maskina er altså innebygd, om det er for å bygge inne støy eller om den skal ha mest mulig fred ...det er eg ikkje sikker på.
Det trengs masse opplæring av personalet for å kunne betjene alt utstyret. Dette er siste innspurt før den høgtidlige åpninga seinare på dagen.
Det blir spennende å sjå prøveflyten i dette vegkrysset..kjenner eg gler meg faktisk.
Sjøl om maskina vert omtala som eit nytt fullautomatisk analysesystem, så trengs heldigvis flinke bioingeniører(forferdelig vanskelig ord å skrive). Litt blanda følelser ser det ut til...
Må også vise at vi ikkje har roboter til alle oppdrag, dette er manuell påfylling av prøver til eit anna apparat vi har, det funka fint det også.
Det blir ikkje lett å lure ser unna nokke , for her er det som sagt full oversikt frå komandobrua.
Glimt frå personalmøte der vi får litt instrukser, slik at dei fleste av oss får bli med på festlighetene i dag.
Trur dei gler seg.
Her er i allefall ei som gler seg og ei anna som er bekymra . Det vart nesten panikk over kakestørrelsen, så det vart bestillt meir kake som øhjelp frå bakeriet..
Kaka var iallefall veldig fin...og det viste seg å vere litt til alle.
Nokre av dei høge herrer som skulle kaste glans over storhende. Både TV, avis og folk frå firmaet møtte opp.
Silkesnora måtte på plass..
Så var det tale nr 1..
Trur dei fleste fekk vere med..
..Ikkje så lett for alle å få sjå ka som skjedde.
Tale nr 2..
Alt var godt planlagt ser dåkke.
Tale nr 3..
..og så det store øyeblikket med snorklipping i fellesskap.
..likentil fanfare og applaus sjølsagt.
Trur disse to er glade for at ting no ser ut til å falle på plass.
Så tid for klem og litt meir blomster.
Endelig er det tid for kake og sprudlende drikke..
Skål for vel utført oppstart og lykke til videre..
Fleire som ville skåle. Så det var tydelig at mange var glade i dag, men det er først på mandag det virkelig skal skje at masikna får vise ka den duger til...spennende.
Hm, det vart åpna bar på kontoret. Er ikkje sikker på at ledelsen fekk med seg ka som foregikk der ute. Skal ikkje røpe det eg heller. Dei kosa seg i allefall.
Så eit glimt inn i bakromma på laboratoriet..her foregår alt etter gamlemåten :-)
Inn- og utmating av prøver foregår manuellt og held oss i arbeid.
Vil berre vise fram at ikkje alt treng å vere så automatisert...ja, ja det får bli det siste utspelet for denne gong. Det blir spennende tider no framover, og eg trur alle er like spente om alt funker som det skal. vi får ha trua og krysse fingre og tær ...Det var i allefall ein kjekk og optimistisk dag på jobb.
Kjempekjekt å få sjå, du er knallgod til å formidle på bloggen din 🎉🎈🎉
SvarSlett