Sider

29.08.2016 Elsatur del 2

Det tok si tid å fullføre innlegga frå bilturen. No tenkte eg å ta dåkke med til Vedvika, ei lita perle av ein plass ut mot Stadthavet. Vi fekk som før fortalt privat innlosjering, det var også ei lita perle. Tenkte dåkke kunne bli med på ein spasertur vi klarte å smette inn mellom regnbygene.

Ikkje mykje å utsette på bevertninga . Både frokosten...

....og utsikta frå kjøkkenbordet var midt i blinken.

No er damene klare, medbrakt paraply i tilfelle endå eit skybrudd.

Det var berre eg som hadde med kamera, så eg fann ut at skulle det bli tatt nokre bilder ut mot havet, så måtte eg forlate damene ei stund. Det vart nokre bilder, men eg er ikkje så flink med blenderåpninga og sånt, så det får bli som det blir.








Der kom dei etter.Torhild var meir interisert ei hytte som kanskje vart til salgs, ho kunna tenkt seg eit krypinn her ute.

Fin utsikt.

Vi vart skikkelig guida, og fekk fortalt mange historier frå farne tider...spennende.


Kan ikkje klage på sandstranda heller. Vi var ikkje bortom der pga av alt regnet, men dit skal vi neste gong, det er allereie bestemt.


Knipsa no litt rundtomkring.




Det gjekk mot kveld, men dette var det eg klarte å forevige av solnedgangen.

Her står bilen trygt plassert bak ein hekk, og der stod den under heile opphaldet. Vi farta til og frå Elvisfestivalen på smale og kronglete vegar. Var glad eg fekk vere passasjer , sjøl det var ei påkjenning når sjåføren både skulle kjøyre og samtidig vise oss både ditt og datt. Det gjekk bra og eg kom meg derifrå heilskinna. Då er denne seansen over, turen videre gjekk litt lenger mot sør, og det blir neste innlegg. Tru om nokken gle seg til å lese om del 3..:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar