Det er vel best å få overstått denne følgetongen frå bilturen i sommer. Dette er altså tredje og siste akt. Etter ein lang god frokost, tok vi farvel og takka fint for oss i Vedvika, og vi lovte å komme tilbake :-) Frå Måløy tok vi ferge til Oldeide, og då var vi komne til Bremangerlandet. Vegane var av same standard som dagane før, men vi kjørte slik gamle damer skal,og kom oss trygt fram til Kalvåg som var det endelige målet for turen. Bildet over er havna i Kalvåg.
Der stod eit flott dobbeltrom å venta på oss. Litt lite avstand mellom sengane , men det også gjekk bra.
..litt luftigere i salongavdelinga.
Vår vert i Vedvika sendte med oss niste, og den vart inntatt på terassen uttafør rommet og måtte sjølsagt forevigast. Sånn er det når det meste skal bloggast.
Vi bodde på eit splitternytt og flott hotellkompleks.
Etter å ha titta oss rundt i Kalvåg, som egentlig minnte litt om eit fiskever, vart vi annbefalt å ta trapperåsa som dei kallte det....
...og det var skikkelig mange trapper.
Vi fekk fart på blodpumpa og var happy for benken som var plassert på toppen. Måtte sjølsagt ta bilde før eg kunne sette meg.
Utsikta var det ikkje mykje å kikke på. Vi var anbefalt å ta turen hit til Kalvåg av fleire som hadde vore her, og vi vart ikkje skuffa.
Masse flott røsslyng hjalp til å pynte opp landskapet.
Etterpå tok vi oss ei runde med hagevandring, og var skikkelig imponerte kor det blomstra her ut ved havet.
..fann kjuke også Håkon (intern kommentar)
På kvelden tok vi på finstasen og inntok stedes fiskeresturant og kosa oss. Det var søndag og slutt på sesongen, så det var god plass i lokalet, men det smakte godt.
Glimt frå havna berre.
Minnte litt om Lofoten.
Alt har ein ende, og slik vart det no også. Her har vi komt til Oldeide igjen på veg heim. Hadde tenkt å titte innom Selje, men veret spilte ikkje på lag med oss. Vi bestemte oss for å ta raka vegen heimatt, Det tok ikkje så mange timane før vi var komne til Sunnmøre, og vi var einige om at turen var vellykka. Får takke både Torhild og dei som har lest om turen tusen takk for følge.
Då er det å finne på nokke anna å blogge om, Tek gjerne imot tips....
Spennende reise, fine bilder, artig å sjå😀 Godt jobba 👍
SvarSlettDet smakte godt?
SvarSlettDet smakte godt?
SvarSlettSånn passe, men må skryte for reklamens skuld.
SvarSlett