Turnuslivet kan vere hardt med jobbing til alle døgnets tider, men det er fordeler også, slik som i dag. Fri ein heil dag nesten midt i veka. Vakna tidlig som vanlig, hadde igrunn blanke ark, men hadde bestemt meg for å vere heime. Starta med ein sunn frokost i allefall. Er hekta på heimelaga knekkebrød for tida. Dei går ned både med pålegg på, og som tilbehør i youghurten.
Hadde glømt at eg la erter i bløt kvelden før. Dei måtte no kokast ei stund, og i mellomtida tok eg meg ei runde i hagen.
Det er bra med epler på nytreet i år. Dei er ikkje skikkelig modne endå, men det dett no eit og anna ned i vinkasta som har vore og dei er eg snar å plukke opp.
Stolt av disse.
Plukka litt av surepla også.
Erter og litt salat som dukker opp, det er på hell i kassene no, men hauster der litt kvar dag..
..då mest på denne sida som er urtebeddet.
Då var ertra ferdigkokt og no var det epla som måtte til pers...
..det vart eplekake med ein ny ingrediens for meg, ingefær ilag med kanelen.
Ny runde ut i hagen medan kaka gjorde seg ferdig i ovnen.
Dette er nytt av året, det er faktisk laubærblad. Tenkte å tørke litt, men kan bruke dei ferske også. Må ta heile krukka inn om vinteren, og då kan det bli som eit lite tre til slutt har eg lest meg til.
Humlehotellet har no funne seg til rette i tuntreet på eigendommen.
Desse to er visst ikkje heilt våkne endå, men bambusen stortrivst og veks nesten som ugras.
Dette er kanskje verdens minste potetåker. Det var nokre poteter som hadde blitt forlagt i kjøleskapet for ei tid tilbake, og vart funne med lange åler på. Putta dei i jorda i staden for bosset..
..og idag klarte eg ikkje å vente lenger, måtte sjå om det vart nokke av det. Litt ulik størrelse, men det er no sorten.
Prøvde meg på gresskar, men det blir nok ikkje anna enn blomster, var nok for seint ute med såinga.Får ta det att neste år.
Hyllen er ikkje på topp i år desverre, usikker om det blir likør i år.
Veit ikkje ka dette er , trur dei lyt stå i fred.
Nyvaska nypotet..
Det vart erter både til middagen i dag, og eit par mål i frysaren også.
Fekk avisbudet på døra, og då vart det eplekaka som skulle testast. Pynta med ringblomster..
..men det fall ikkje i smak, han var nok ikkje sikker på om det var etande, så dei kom i retur.
Kokte potetene, fann fram klippfisk, bacon, løk og litt paprika. Kokte og steikte og danderte alt i ei form for så å putte i ovnen seinare på dag.
Endå ein som dukka opp, kaka var visst ikkje så verst.
Neste på programmet i dag vart storsalget av regnklede på fabrikken som ligg rett over gata for meg.
Plutselig strømde det på av biler, det er no nokken som kan vegen til Vatne, iallefall enn så lenge....
Måtte ha meg ein tur ned (det vart mange turer faktisk) Enda opp med seks regnkåper, ei regnbukse, to sjal og støvler til meg sjøl. Hadde oppdrag for sånne som måtte jobbe på dagtid også, men det var no berre kjekt.
Vil vise fram den kåpa eg likte best. kan no bruke den i opplettsver også vil eg tru.
Avslutta dagen med å lage dette innlegget, men først var det sein middag. Ertestuingen passa godt til fisken og dei kjempegode heimeavla potetene. Det vart no ein ny vri på klippfiskmiddagen, toppa retten med urter frå hagen. No er det mørkt ute og fridagen over. Det blir jobbing i helga, men mandag er eg fri igjen. Må finne på nokke kjekt, kanskje ta meg ein tur til fjells..får sjå veret an. Kansje eg finn nokke å skrive om.........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar