Kom oss trygt ombord etter litt konstuktiv kritikk til sjåføren. Så var det krykkene som fekk seg ein irettesettelse.
Det lukta sveler og fristelsen vart for stor...
...er ikkje så lurt for denne karen å innta slikt, men det måtte prøvast. Ser litt undrande ut.
Hevnfoto etter at han vart foreviga, så det var berre å ta fram smilet.
Målet for turen var å ta ei runde på ulike bruktbutikka. Dette var det første vi fekk auge på, krykker og staver. Vi var komne på rett plass og jammen fann han seg ein stav til seinare bruk når krykkene har gjort nytta.
Masse fint, men det vart mest titting.
Her fekk eg lurt han opp i eit hjørne for å ta bilde berre.
Det var kjempefint ver denne laurdagen, så vi tok turen opp til Skaret for å lufte oss litt.
Fint pynta ved inngangen..
..var ein tur innom også, men det vart ikkje handel.
Kul bil, likna litt på den vi surfa rundt i.
Ja, ja det var den turen. Svelene hoppa vi over på heimvegen. Trur det var lurt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar