No er det vakre veret vi har opplevd i haust over for ei stund, men eg fekk no tid å nyte litt av det i vår frie natur. Eg er ikkje den som er så ivrig å springe på fjellet, men denne dagen vart eg lokka med på nokke som skulle vere ein liten snerten tur. Det viste seg å vere ein seig oppoverbakke som ingen ende ville ta. Må innrømme at eg ikkje var heilt motivert av denne grusvegen som skulle føre oss til eit Stikk ut mål...men min turkamerat hadde lova å bli med på ein anna ekspedisjon etterpå, så det vart til at eg beit tennene sammen og gjekk og gjekk..
Dette er resultatet etter at det første Stikk ut målet er nådd, sveitt og sliten, orka ikkje smile eingong.
Ho her derimot, er storfornøgd. No er det regstrering på appen.
Eg titta heller på utsikta og tok kameraet i bruk. Etter litt kvile og nokke å bite i, vart humøret også litt bedre. No viste det seg å vere endå eit Stikk ut punkt litt lenger oppe, og då kom spørsmålet om eg orka meir. Då var det heldigvis slutt på grusvegen og eg bestemte meg for å ta turen til topps.
Det var ein flott tur oppover, ikkje så bratt og kjedelig som første biten.
No er målet nådd og tid for regitrering igjen. Det vart nokre poeng i dag.
Uffa meg, trudde eg vart slankare av denne trimmen, men her likna skuggen min faktisk på ho der Amanda frå Haugesund.
Vi kosa oss på toppen. Det var litt vindfullt, men det var berre deilig.Sjølknips høyrer med, såg faktisk nokken som hadde med seg ei stong til slikt.
Vi tok ein rundtur oppe på toppen og valgte ein anna veg nedatt. Prøver å vise fargeprakta vi fekk oppleve.
Vi tok oss ein liten kvil i solveggen og slo av ein prat med kjentfolk.
No er vi klar for grusvegen igjen, kjente at eg kvidde meg. Det er ikkje nokke stas med låke kne og laange nedoverbakka. Det som heldt motet oppe var tanken på det eg hadde opservert på veg til turmålet. Eg såg i eit lite glimt ein hekk som likna på ein eg har sett her på Vatne, nemlig ein aroniahekk. Det gjekk no på eit vis å komme seg ned att til bilen, mest takka min positive og oppmutrende turvenn.
Eg var fole spent då eg skulle finne ut om min opservasjon stemte. Jammen hadde eg rett.
Det var masse flotte, modne og plukkeklare bær. Det viste seg å vere på kommunal grunn, så vi tok sjansen på å plukke i det vi hadde av plastposer og handlenett.
Ei til som kosa seg, det var kjekt å plukke slike flotte bær.
Utrulig flotte bær og sjølve planten har kjempeflotte haustfarger. Skal skaffe meg nokre busker heime neste år.
Som lønn for strevet med både fjelltur og bærplukking, vart det ein bedre middag med nokke godt i glaset til avslutning.
Vel heime viste det seg at vi hadde plukka seks kilo!!
Det var ikkje berre å plukke bæra. Måtte til å renske godsakene. Flotte bær.
må bli i neste innlegg...så følg med :-))
Smeis ditta kan du, flotte bilder og artig tekst🍁🍂🎉 flott tur og masse bær attåt, va en kjekk dag vi hadde 🍁🍂🎉
SvarSlett