Sider

27.10.2016 Ein tur rundt bygda før veromslaget.



No er hausten med all si fargeprakt på hell. Høgtrykka som har gitt oss vekesvis med sol frå skyfri himmel,er erstatta med lavtrykk, nokke som gir oss velkjendt  ruskever. Hadde seinvakt dagen før det braka laust og tenkte at eg måtte få med meg fargeprakta vi har hatt denne hausten. Det vart som sagt ein tur rundt bygda, så det er berre å slå følge....fekk no auge på ulike fotomotiv på turen.

Dette er tuntreet på Giskebakken. Huset og løa er forlengst utsletta,så treet markerer der gardstunet ein gong stod.

Neste gardstun kaller vi Bakken, eit gammalt erverdig gardshus med fine detaljer, men treng litt omsorg snart.

 Ser ut til at dette fine vinduet har fått seg eit målingstrøk.

Turen gjekk videre, og her er det nokre morellebærtre som konkurerer med det rustne løtaket i fargevalg. Det vart eit fint bilde synes eg.

 Litt kontrast mellom vintergrønt og haustfarger berre.

 Måtte ta morellebærtrea litt nærmare i augesyn.

Det var ikkje berre haustfarga eg var på jakt etter. Det er nokre kastanjetre litt lenger framme. Har som tradisjon å gå på slang der om haustane. I år fekk eg med meg ein kompanjong. Nøttene er flotte å bruke til pynt, det er snart tid for juleverkstad, og då kjem dei til nytte.

Måtte forevige desse selskapssjuke, nyskjerrige og ikkje minst vakre hestane. Håper dei har funne seg ly for regnet og vinden.

 Tru ka dei tenke om oss tullingane som prøver å få kontakt med dei. Dumt dei ikkje kan snakke.




Det er ikkje så langt rundt bygda, men med mange stopp her og der gjekk tida for fort. Kom på at det nærma seg tid for avreise på jobb. Treng litt tid på pynte på fasaden før avgang...hår, litt sminke og slikt. Måtte berre ta med bildet av denne flotte rosa som eg fekk auge på då runden nesten var over. Ho får symbolisere den flotte hausten vi har opplevd i år, og så får vi håpe vinteren også blir mild og vakker i år.

1 kommentar:

  1. Så fine bilder, godt å ta vare på slike fine minner fra den fine hausten vi hadde🍁🌿🍂

    SvarSlett