Sider

30.10. 2016 Så er det safting som står på agendaen.



Endelig har eg funne ein dag til safting. Det viste seg at det  ikkje er berre å plukke bær i vilden sky. For det første så lånte eg enda ein saftkoker, men den også var  for gammal.  Med oppmarkna gummideler  lak den som ein sil . Så det vart til at eg fekk tak i ein splitter ny. Den er av stål og pynta opp på kjøkkenet....


Det neste som måtte til var flasker. Det var lettere å få tak i enn saftkoker.

Reinhold er viktig, så flaskerens måtte til også.

Sukker, kanel, anis og bitte litt E-stoff i form av atamon. Skulla brukt litt sitronsyre, men det visste eg ikkje før eg var ferdig. Det får bli til neste gong.

Las meg til at epler passer ilag med aronia, så då var det ut å plukke.

Eplene i gamletreet er flotte i år. Skimter treet ute i hagen.

Då var det fram med Ipadden, hente bæra i fryseren og sette i gang.

Laga  først til ei koke for å lage likør. Brukte oppskrifta på bloggen om hylleærlikøren som eg laga i fjor. Blanda litt hyllebær ilag med aronia, putta litt julekrydder i og følgde oppskrifta.

Varme og reine flasker klare til bruk.

Så var det saftkokeren sin tur. Aronia i botnen, epler....


...kjøpte litt frosne blåbær på Joker, tenkte det måtte passe.


Toppa det heile med oppmålt sukker og litt atamon. Las meg til at det var lurt å ha i sukkeret med det same, då er det berre å tappe safta rett på reine varme flasker.

Då er alt på plass og må det koke ei stund. Likøren treng berre 20 min. Safta ca. en og enhalv time.

Dette er altså på gamlemåten.

800 gram bær vart no nokre flasker likør, er fornøgd med det. Smakte godt.

Dette er safta. Tappa den rett på flaskene. Brukte ca. 200gr. sukker på ett kilo bær, Synes det var passe søtt og smakte godt.

Inviterte ein middagsgjest for å teste produktet. "Jaudå" var kommentatren, og då visste eg at det var godkjent.


Her ser dåkke ein sliten, usminka og happy saftkoker. Har leita fram medaljeskjorta og kjenner meg som ein vinner. Med så masse antioksidanter i hus rekner eg med å sleppe unna både årets influensa og andre plager. Må berre huske å innta passelig mengde. Det var alt eg hadde på hjerte for denne gong. Det vert kanskje ein epistel om kastanjenøttene før jul ein gong....berre å gle seg :-))

1 kommentar:

  1. Ikkje berre å plukke bær nei, masse godt arbeid må til før en sit med det ferdige produktet 🍁 Å for et produkt 🍂 smakte fortreffelig🍁Superflink er du Elsa 🌿🍁👍

    SvarSlett