Sider

15.11.2016 Blåtur med innlagt julebord. Labbens harde kjerne i aksjon.



Då var den avmerka laurdagen på kalenderen komen. Sjøl om det er midt i november, så er det jula som skal markerast, då med julemat og litt glitter og stas. Største og første spørsmålet kvar gong i slike høve,  er kva antrekk som er fint nok. Eg har hatt ein som har kasta eit lite blikk på kjolevalget og tatt bilde hvis det vart godkjent. I år måtte eg ta valget på eigahand og ta sjølknips både....


...foran og bak ved hjelp av speil. Har vorte tradisjon å ha antrekket avbilda før avgang. Dette er altså det endelige valget, får vere bra nok.

Årets festkomite inviterte oss altså på blåtur. Det einaste dei røpa var at vi ville få julemat med noko attåt. Vi møttest tidlig på ettermiddagen, dei fleste med flott hattepynt etter ønske frå komiten. Vi vart geleida gjennom byen og enda opp i eit magisk lokale , ukjent for meg i allefall.

Det var ikkje så lett å ta bilder, for det vart eit hatteføk å få av seg ytterkleda og beundre alle kreasjonane før vi slapp inn i den magiske verden som venta oss.

Ikkje alle som hadde hatt å pynte seg med, men det er snart jul, og då går det an å ønske seg hatt foreksempel..hint, hint.

Ja, ja...det går an å ta det heilt ut også. Ho imponerte dei fleste.

Kjekt å pynte seg, og flotte er dei,  og ser ut til å gle seg til kvelden.


Då er vi inne i den magiske hule. Må berre tilstå at bilda er elendige. Har invistert i nytt kamera, men det viser seg å vere for komplisert for ei tilårskomen dame.

Prøvde i allefall , men i tusmørke ga eg opp all finjustering, sånn gjekk det.

Dette er magikeren, han er visst sunnmøring, og har Norges einaste permanente magikerscene. Må no skryte, for han hadde nokre kule triks, og klarte å imponere oss.

Det var innlagte pauser i showet med fingermat, drikke med og uten C2H5OH. Kaker og kaffi som seg hør og bør. Det smakte godt, men vart litt bekymra med tanke på julematen pga av plassmangel ein viss plass :-)

Det viste seg at vi skulle vere her ei stund, så ingen grunn til
bekymring for magemålet. Quiz var det neste på programmet og det tok si tid.

Så var det pemiering i ulike kategorier innen hatteverden. Trur det var adventskalendere som var premien.

Tok mange bilder, men som sagt hadde eg tekniske problemer, så det blir berre et par glimt.

Ho her måtte no få ein pris, trur ho hadde laga hatten sjøl.


Til slutt etter både eit flott magisk show og ulike aktiviteter, vart lyset slått på og vi vart foreviga av sjølvaste magikeren...og då funka sjølsagt kameraet. Han er vel ikkje magiker uten grunn...flott gjeng.

Måtte nesten ta bilde av denne blide jenta også. Ho er allereie flink med trylling og var med i showet.Trur vi får høyre meir om henne etterkvart.

Så var det neste post på programmet. På med ytterkleda igjen, inni bilane og ein liten svipptur frå nord-til sørsida av byen og inn i ei anna magisk hule.

Dempa belysning her også, og kameraet ville ikkje godta dette.

Uffa, må visst på fotokurs hvis eg skal fortsette med denne blogginga. Kanskje det er eit hint at no er det nok, og at eg må finne på nokke anna å styre med. Vil prøve å avslutte dette innlegget i allefall.

Det vart mine nærmaste rundt bordet som vart avbilda i ulike positura, kan ikkje ta med alle her.


Klarte å zoome inn eine vinnerhatten, trur ho fekk navnet Klara Klok av ein eller anna grunn.

Vi fekk både god mat og godt i glasset, etter masse latter og styr. Det var byens berømte serveringsteater som stod for underholdninga, og vi hadde det fole kjekt ilag med dei. Bildet over er det einaste eg har som viser nokke etande, men dette er restane etter den første seansen, det kom på bordet ut på kvelden. Eg klarte så vidt å holde fingrane frå fata, og tok bilde i staden.

Vi heldt det gående utover natta med dans både på golvet og i luftige svev etterkvart. Nok om det, møtte ei i dag som hadde skikkelig gangsperre. Sånn kan det gå i godt lag.

Ei lita pause måtte til.

Eg sat for det meste ved bordenden og beundra ungdommen. Ergra meg over kameraet og alle bilda eg ikkje fekk til, for det var masse å forevige. Kanskje det er like greitt, treng ikkje fortelle alt som skjer. Vi hadde det kjekt, det var alle enige om

Må ha med dette bildet til slutt. Fekk ei til å ta ein titt på kameraet, ho var nok lei av å høyre på sytinga mi . og som ein test på om det funka, fekk eg henne til å portrettere meg. Det vart ikkje til at eg tok på meg hatt denne kvelden tross ønske frå festkomiteen. Eg hadde nemlig vore med frisøren og ville ikkje ødelegge fasanden, er nok litt forfengelig når det gjeld håret...

Nei, no må eg stoppe og avslutte dette bidraget. Konklusjonen må bli at dette var ein flott start på årets julefeiring.  Alle var enige om at kvelden var vellykka, ja ein  innertier vart  det sagt. Då har eg formidla hendiga frå A til Å som vanlig, men litt av det vi mora oss med får vi som stillte opp ha på harddisken...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar