No er dagen for avreisa nesten der, det er faktisk i morgå. Eg er ikkje reisevant, så dette blir ei utfordring for meg. Turen går over atlanteren og målet er som sikkert dei fleste som kjem til å lese dette innlegget veit, Washington DC. Det er lenge sidan billettane var i boks, og då var det berre å prøve å gle seg til overfarten. Eg er ikkje så glad i flyturer, men alle seier at ditta går bra....velger å tru på det. Det er ikkje mykje som minner om vinter og jul ute, så eg tok meg ein tur til skogs på jakt etter litt pynt. Det vart no litt trivligare rundt huset.
Det blir vel nokken som søker husly i Haugane 12 i jula, sjøl om matmora er på tur. Valgte å pynte slik at blir trivelig å komme heimom ein tur.
Denne heimesnekra nissen i arva genser og sko, er er eit must kvar jul, så den er på sin vante plass.
Det er fjerde søndag i advent i dag, måtte få med meg det også før avreisa.
Årets juletre er ikkje av det grøne slaget, det har tatt vare på julepynten frå sist jul. Det får berre vere slik til neste jul også.
Julekrybbene er på plass i stuevindua. Desse figurane kjem frå Italia..
...og desse er kalendergaver frå nokre år tilbake, pluss nokre figurer kjøpt i Vatikanet faktisk. Kjekt å ha litt tradisjoner i jula. Dei har vore ute av eskene sine kvar jul sidan dei kom i hus.
Stjerna er på plass og nokre nisser til...
Dette er det eg har styra mest med no i dagane før jul. Eg har ikkje vore så flakkfør pga eit uhell ute på glatta, så dagane har gått med til strikking og litt pakking. Kan ikkje vise fram strikkeprodukta her endå, for dei er innpakka til gåver.
Det har gått litt tid til å studere reiseruta og finpusse litt på engelske gloser også. Trur eg er nokkelunde forberedt, men liker best å snakke norsk, så det blir utfordring nummer to :-)
No er det berre å vente på morgådagen, Tek meg ein kvil med te i amerikakoppen og lader opp til turen. Skal forresten på ei førjulsfeiring med graut og gåver framme på Reiten seinare på dag, så det blir no litt norsk jul på meg likevel...gler meg til det.
Så til slutt vil eg ønske alle kjente ei God Jul og eit Godt Nyttår!
Håper å vere på plass både i heimlandet og på jobb rett over nyttår. Ka som venter meg der borte og ka målet med turen er....det får eg fortelle ein anna gong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar