Sider

15.01.2017 Må mimre litt om USA turen.

Då er vel tida komen til å mimre litt som sagt. Eg har landa i gamlelandet for lengst,  og alle mine bekymringer for den lange turen vart gjort til skamme. Alt gjekk etter planen, og eg vart ønskt velkommen av både ein firbeint ...



..og ein tobeint som elska å vaske opp...

..og ei som stolt viste fram husets kjeledegge som viste seg å vere verdens snillaste, lydigaste, tøffaste osv...og det uten å skryte for masse.


Det var litt tomt i stua, men ting var visst på gang fekk eg vite.

Tok til takke med ein pinnestol eg dei første dagane, og det med eit smil ser dåkke.

Så ein dag skjedde det det vi venta på.

Etterlengta sitteplasser foran TVen.

Sofabord var det neste som skulla vore på plass, men det var visst vanskelig å velge størrelse, fasong og farge, så det vart eit nattbord som vart tatt i bruk i første omgang. Flott sofa forresten.

Eg hadde eit oppdrag på programmet før eg reiste, og det var å finne amerikakjoler til smådamene i familien. Dag tre av oppholdet gjekk med til shopping, og oppdraget vart utført med glede.


Må vise fram metroen. Måtte ta den åleine ein dag vi skulle ta turen inn til bykjernen i Washington. Hadde litt høg puls(har kjøpt meg fitbit), men det roa seg etterkvart.

Det første eg fekk auge på då vi kom opp i dagen var dette gamle treet. Ettersom tre er nokke eg er fasinert av, så måtte det sjølsagt forevigast.

Målet for byturen denne dagen var eit julemarked vi hadde hørt om, og her er vi på plass. Det vart ikkje så mykje handling, men masse fint å sjå på.

Vi var heldige med veret, litt kaldt, men vi var godt kledd.

Uten mat og drikke kunne vi ikkje fortsette, så vi tok oss tid til ein lunsj før vi leita opp byens severdigheter.

Ny jakke forresten, kjøpt på Nordstrøm..outlett velåmerke.

Så dukka kjente bygninger fram.

Dette tårnet hadde ikkje eg hørt om før, men no veit eg alt om det.

Vi tok oss tid til å leike litt også.

Ikkje så lett ditta.

Tilslutt var no både fotografen og eg fornøgde.



Ikkje så bra presisjon her, men eg får ta på meg skulda.




Neste stopp var ved Det Kvite hus. Først tok vi ein titt på juleutstillinga utanfor porten.

Det var laga til ein landsby med tog og greier. Forstod ikkje heilt samanhengen, men det var no flott å sjå på. Måtte forevige det også.

Kvart stat i USA hadde fått pynta sitt eige juletre, og her skimter vi det berømte huset i bakgrunnen....og meg foran som dåkke ser.

Det var ikkje berre vi som ville dokumentere at vi hadde vore så nær det flotte huset. Det viste seg å vere masse turista som feira jul her.

Zooma som ein paparazzi, men såg ikkje snurten av den flotte familien som skal til å flytte herifrå :-(
Ikkje han som har tenkt å flytte inn heller forresten.

Vi vart både slitne og litt trøtte etterkvart, så det enda med ny runde på kafe. Denne gongen vart det paier og god drikke til. 



Valgte vindusplass for å titte på bylivet. Ikkje så gale med trafikk faktisk. Det var ein vellykka rundtur og eg gle meg til neste runde...masse museer, kunstutstillinger å sånt som venter, men det var nok for i dag. Har no meir bilder på lager, så kanskje kjem det eit kapittel til :-) om ikkje så brått.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar