Sider

22.01.2017 Julefeiring i Junaiten, Jula 2016



Jula varer heilt til påske, så eg tek sjansen på å ha med litt julebilder, og fortelle litt om kor det gjekk føre seg denne jula. Såg mange flotte juletre, dette eksemplaret pryda stova der vi feira jul første juledag. Den 24. des. som er vår store dag i jula, vart ikkje feira der borte, så Marit og eg hadde vår eiga feiring tidlig på morgonen(uten sminke) på sjølvaste julaftan.






 Eg fekk åpne ein pakke før vi inntok ein ekte norsk frokost med brunost, spekemat, egg osv..

 Ein pung med nokke inni, spennende..

Det viste seg å vere kul øyrepynt, berre å gle seg til å prøve...Pakken var til Besta frå Vilde...har takka fint for gåva.


Marit ville vente med pakkene til neste dag, trur skikkelig norsk frokost var gåve nok i første omgang.


Dette er vertskapet, klar for feiring, eller rettere sagt åpning av pakker. Det vart i litt anna rekkefølge enn heime. Vi gjorde oss ferdig med gåvene for så å feire kvelden ilag med Don sine slekninger som bodde like i nærleiken. (slipset hadde eg med frå Norge)
Så er seansen i gong. Det var eg som var fotograf, så det vart same motivet i ulike stadier av gåvedrysset. Nattdress i den første pakken.

 Spennende pakke frå Norge.

 Skikkelig innpakka. Først julepapir så pappkasse og inni der ein flott tøypose.

Så sim sala bim..ein flott koffert med eit stilig bestikk inni. Det fall i smak, og var til Marit og Don frå Henrik.

 Det vart mange pakker etterkvart, litt uklart bilde, men må vise at hunden var heilt med på moroa.


 Endå ei hue og norsk sjokolade. Det var kald vind der borte, så huene blir nok flittig brukt.




 Så er vi på plass for å innta julematen, ser kanskje litt skeptisk ut...men det lukta godt.


Det var ikkje måte på ka som var på gang i kjøkkenet. Vi nordmenn var advart, det var tradisjonell julemat frå Luisiana, dei var sikre på at vi ikkje likte det.

 Det var kjekt å sjå ka dei styra på.


Vi serverte norsk spekemat med heimelaga potetsalat som forrett, det vart godt mottatt heldigvis.Ikkje mykje att på fatet ser dåkke.


Her er retten som skal erstatte pinnekjøt, rabbestappe, mør og sånt for oss to sunnmøringer. Det er Gumbo frå Luisiana, minner litt om vår lapskaus i farge og konsitens. Vi stussa ikkje på å prøve, og med ris og salat til smakte det skikkelig godt...eg skrytte og tok no i allefall ein porsjon til. Eg sakna ikkje ribbe å sånt, kanskje Marit kunne tenke seg det, men hørte ikkje ho klaga.

Det vart ikkje tatt meir bilder denne kvelden, vi kosa oss med maten. Eg fekk god vin til, så fotoapparatet vart putta i veska...nok om det. Kvelden gjekk med til å bli litt kjent og vanlig smalltalk. For meg var det faktisk ein ny opplevelse å sleppe å kokkelere og vaske opp på julekvelden, så å stikke av i jula kan no hende eg gjer fleire gonger...anna kvar jul kanskje..eg berre flørter med tanken. 
Har mange fleire bilder frå turen på lur, så kanskje dåkke får bli med på fleire opplevelser, får sjå ka eg får tid til :-))




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar