Sider

01.02.2017 Ein labrapport frå Bethesda, Maryland, med etterfølgende bytur.


Tenkte å avlegge endå ein rapport frå juleturen. Har så mange bilder at eg kunna nok holdt på ei stund, men det er nok grenser ka andre synes er kjekt å lese om. Sidan laboratoriearbeid er nokke eg har levd med eit langt liv, så måtte eg få med meg korleis det går føre seg uttafør mi lille "boble". Då eg fekk sjansen å bli med å ta ein titt innom dørene til NIH i Maryland, var eg lett å be.


Første bøygen var å få tillatelse til komme innafør porten. Passet måtte fram, skjekking av veska,scanning av kroppen og eit lite avhør om ka eg ville der måtte til. Her er eg trygt innafør og gle meg til omvisninga. Bildet har nokre feil etter ei mislykka redigering av dobbelhaka som viste så godt på det eine bildet som blei tatt,  så det blir ei oppgåve til dei som les dette å finne i allefall fire feil... kanskje det blir ein liten premie til den som har rett svar :-)


Dette er altså første glimtet av bygningane ved NIH. Bokstavane står for National Institutes of  Health og er ein institusjon under USAs Helse-og omsorgsdepartement og er ansvarlig for USAs føderale innsats innen biomedisinsk og helserelatert forskning.

Det var fint ver, og vi tok oss tid til å ta bilder, og eg fekk eit innblikk i kor svær bygningsmasse det dreia seg om. Vi skulle inn i bygning nr 30.

NIH består av 27 ulike insitutter, og vi skulle inn i bygning nr 30 som sagt, som ligg i bakgrunnen her.

Dette er hovedbygninga , men vi skulle ikkje dit i første omgang.

Her er ein bakgang på bygning nr. 30 som blir bruk til daglig, og er ikkje så fole imponerande....

...så det vart til at eg måtte posere uttafor hoveddøra for å imponere, men kun skiltet vart med på bildet desverre, døra var no grei den.

Så var det neste bøyg for meg...heisa. Fekk klar beskjed om då komme inn og slutte å tulle. Litt skjelven, det ga seg utslag på bildekvaliteten ser dåkke. Det gjekk bra dinna gongen også.

Vel oppe der labbane låg, var dette første inntrykket då vi var innafør...hm, fekk faktisk hakeslepp. Det er no litt plassmangel på vår lab heime også, men dette tok kaka...skimter ein PC midt i det som for meg er meir som eit kaos.

Litt meir orden ved neste benk heldigvis, det var her vi skulle leike oss litt. Sidan det var i romjula så var det ikkje så mange som var på jobb, berre dei som må opparbeide seg nokre fridager til våren ein gong.

Tok no bilder i hytt og pine, dette er nye apparat for meg, blir brukt til avlesning av PCR analyser.

Ein spion frå Space på plass her også...

Hadde ei trivelig stund i lag med denne labdama, Elsa H, frå Argentina,

Fekk prøve labfrakken og trur det var meininga at eg skulle få prøve meg på PCR analysene, men eg var no på ferie.  Har eg fri så er ikkje pipetering  som står på ønskelista.

Det var kjekt å sjå at eple ikkje fell så langt frå stammen, ditta kunne ho.

Berre å beundre teknikken.


Godkjent??

Ho er fornøgd ser dåkke.

Spesialsentrifugering..

Då er avlesninga i gang, det tek nokre timer.

Litt rapporteing måtte til, og så var vi klare til å fortsette omvisninga på resten av bygningsmassen.

Vi er no i det som var hovedbygninga med informasjon om forskningssenteret.

Flotte heisdører.


Om draumen er å bli hengt opp på denne veggen sa ho ikkje nokke om, men det hadde no vore kjekt for ho mor :-))
Dette er glimt frå hovedvestibylen der dei ulike institutta hadde laga til konkuranse i pepperkakebygging, må ha litt moro i kvardagnen også.


Avslutta omvisninga her, skikkelig flott juletre i ekte amerikansk stil.

Tida gjekk fort,  og vi tok metroen videre inn til byen og fann oss ein meksikansk resturant som frista med taco på ekte meksikansk vis.

Beste guacamole eg har smakt ever..


Mette og klare for nye inntrykk valgte vi naturhistorisk museum, det var det fleire som hadde som første valg såg det ut til...lang kø.

Det var stappfullt av besøkende på museet, så eg let fotoapparatet bli i veska.

Men vi var der og fekk med oss masse intressante ting. Får avslutte dette lange innlegget på ein eller anna måte..vi hadde ein kjekk dag og dette var berre starten på alt vi kan sjå  finne på til våren...for eg skal tilbake og då blir det no masse å berette heim om. Håper det ikkje er berre eg som gler meg....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar