Hallo, eg har no landa skikkelig etter utflukta ved juletider, nokke som eg har fortalt om i fleire omganger. Har ikkje hatt tid til å tulle med dinna blogginga, men no har eg nokke på hjerte som eg vil formidle. Dåkke lurer vel på ka denna utspjåka gamle puffen har med saka å gjere.....
Det er forresten ein gammal puff som eg egenhendig har pynta med gamle strameibilder. Er ikkje så veldig stolt av handverket eg la ned som møbeltapeserer, men den ser fin ut med loket på. Den vert for tida brukt til oppbevaring av plastnett, og her ein dag eg var på jakt etter ein ny bosspose, fekk eg hetta. Synet av all plasten, ga meg eit flashback på bildet av den stakkars gåsenebbkvalen som måtte bøte med livet pga av all plasten som hadde satt seg fast i kvalmagen . For ikkje å snakke om alle bilder av plast på avveie i naturen, nokke som vart vist i media i etterkant av den stakkars kvalen sine lidingar. Eg hadde fri denne førmiddagen, og tok meg ei runde i heimen for å finne ut om det var nokke eg kunne forandre på for å minske mitt forbruk av plast.
Første punkt på dagens gjøremål før seinvakt var å gi eine badet litt omsorg. Eg liker å vaske, og i dag fekk eg ekstra motivasjon med tanke på min nye visjon om å bli snillare med miljøet. Denne dusjsåpedingsen var først ute til å bli granska. Må forresten skryte av at det er ikkje eg som bruker den mest, men den heng der i tilfelle kresne gjester treng ein dusj, den var nesten tom..
..den var på veg til gjenvinning då eg fann ein refillpose (liker ikkje så godt sånne ord som snik seg inn i språket våra :-( men opplysningane på posen fanga mi interesse.
Forstår ikkje heilt reknestykket og korleis 80% blir svaret, men orka ikkje tenke på det.
Plastbeholder til handvasken , veit at eg kjøper refill til desse også, men då med tanke på at dei er billigare. Men no er tida inne til å finne andre løysinger på såpebruken.
Kom på at eg kjøpte såpe på tilbud for ei stund sidan. Der stod ei stappfull handlevogn med såpepakker, nokke som kanskje viser at gameldagse såpestykker ikkje er i vinden for tida.Eg har forresten tatt i bruk ei i dusjen, men hadde glømt dei tre andre. No blir det andre tider :-) Skal no bruke opp all såpa i plastbehoderane, men så blir det såpe på gamlemåten her i huset. Har ikkje funne ei løysing på all plasten som mine nødvendige hårprodukter befinn seg inni, første bud blir å ikkje vaske håret så ofte.
No skal det bli slutt på plastnett, må finne på nokke anna å samle boss i. Har hørt om bioplastposer, men har ikkje funne ut korleis dei funker i naturen, heller ikkje kvar dei er å få tak i.
Så var det kjøleskapet som overaska meg med all plasten som oppheld seg der. Så lenge det er inne i kjøleskapet er det ikkje så stor fare for miljøet. Men etter å ha googla om plast og miljøgifter fekk eg ikkje hetta, men nesten...
..det blir ikkje til at eg kjem inn på alle farane det kan vere for å ha ei god helse. Det er masse å lese om dette temaet på nettet, best å ikkje lese for mykje om temaet, for vi kjem ikkje unna all plastembalasjen. Då lyt ein finne seg ein øyde gard og leve på gamlemåten, det blir ikkje med meg i allefall...prøver meg fram i pallekarmane då men.
Det enda med at eg leita fram glasfata med lokk som eg har arva og kjøpt på bruktbutikk, men som har blitt bytta ut med tuppervare og ulike plastbokser. Fann dei att i kjellaren og tok dei inn i varmen att.
Sola skein og alt såg bedre ut gjennom glaset.
Baconet får ny tilhaldsstad også.
Dei tok seg fint ut inne i kjøleskapet også, samtidig som det var lett å sjå ka du har liggande på lur der inne.
Snerte å ta med i veska, og det smakte faktisk berdre...det er ei veke sidan eg fekk desse ideane om å bytte ut plasten i heimen, så eg har prøvd og smakt, og har ikkje skifta meining.
Flott innlegg i miljødebatten, vi treng virkelig å få en vekker! Du skriv så bra! Ingen kan fikse alt, men alle kan gjere litt!!
SvarSlett