Bedre seint enn aldri er visst nokke eg må ty til ofte, også i dag. No sit eg her borte i USA og skal berette frå Vilde sin store dag. Konfirmasjon er ein dag både konfirmant, foreldre og besteforeldre ikkje minst, gler seg til. Før sjølve dagen må vi til kyrkja og vere med på det vi før i tida kalla overhøyring. Eg hadde seinvakt denne søndagen, sette på vekkerklokka for å vere sikker på at eg kom meg til kyrkja. Det såg ut til å bli ein vinterdag sjølv om kalenderen viste at det var ein maidag....
..det hadde lagt seg eit fint kvitt dekke overalt og eg valgte å spasere opp kyrkjebakken.
Fint motiv berre då eg nærma meg kyrkja...eller nokke eg har hørt om den smale eller breie vegen..never mind..
Det vart ei fin stund under sjølve sermonien, sat bak denne utslitte støtta, så det vart ikkje til at eg kan formidle det som skjedde lenger framme.
Fekk med meg sangane, og sang så godt eg kunne. Det var forresten test av eit nytt sanghefte, så eg kjente at det var kjekkare før i tida med melodier som var råd å kjenne att. Kansje eg skulla gått til kyrkje oftare.
Veka etter var den store dagen, sola skein som seg hør å bør på ei slik dag. Flagget til topps og på tide å komme seg til kyrkja igjen.
Denne karen har ikkje lyst bort å høyre på presten, men let seg overtale tilslutt.
Vi var visst ute i siste liten, alle andre var komt. og eg fekk klar beskjed av vår konfirmant om å komme meg inn på plass fortast mulig :-) Ho ser streng ut ser dåkke, først i jenterekka på grunn av A i etternavnet.
Han som skulle vere mitt følge til sjølve sermonien nekta å bli med til fremste benk. Det vart til at eg fekk han til å overvære det heile frå galeriet...ja, ja..sånn er det sikkert å vere ateist.
Det var ein fin sermoni, her tenner ho lys for ein av dei andre..
...og så er prestehanda på plass.
Her ser dåkke stolt storebror, far, lillesøster, mor, mormor og onkel på fremste rad...farmora er som vanlig bak kameraet. Ser ikkje att han på galeriet.
Så er det heile over, sola skein og alle gledde seg til selskap.
No har galeristen også dukka opp.
..og farmora foreviga i lag med storebroren.
Kjekt å få seg ein tur til Sunnmøre å få vere ilag med familien ser det ut til.
Ei fornøgd mormor også saman med eldsteguten som held til i Oslo til vanlig.
Alle gledde seg til festen i etterkant av sermonien i kyrkja. Vi var inviterte ut på ei løe på Godøya...spennende, har ikkje vore der før.
Det viste seg å vere eit fint pynta festlokale der lilla var dagens farge.
Fann min plass..
...and the Queen Vilde like ved.
Det var buffe med tapas, og vi kosa oss og gjekk til å frå matfatet.
No er visst The Queen forsynt og fornøgd med måltidet.
Tok med fotoapperatet ei runde utandørs før kakene kom på plass. Såg nesten heimatt til Vatne, og veret var topp.
Tok også ein tur rundtomkring på garden og taff på forskjellige typer.
..ser litt lei seg ut.
Trur disse typene venter på kakene..
Vi kom på at vi kunne bruke tida under sceneskifte på matfronten til å forevige konfirmanten ilag med den nærmate familien. Sola skapte litt problem, men det vart no nokkelunde.
..stolt far og familiens kjeledegge.
..og stolt og ikkje minst fin lillesøster ilag med dagens midtpunkt.
Så er det stolt far-og mormor som får bli med resten av familien til fotografering.
Kakene på plass og neste post på feiringa er i gang.
Kjekt å møtest iblant ser det ut til.
Det gjekk med ein del søtstoff ser dåkke, litt rester, men det er slik det skal vere.
Så vart det tid for å åpne alle konveluttane som hadde dukka opp. Det gjekk føre seg i det stille, men alt vart bokført med navn og beløp. Trur konfirmanten var fornøgd med den etterlengta dagen både med veret, festen og gavene. Då står det att å ønske henne hell og lykke videre i livet. Håper å få følge henne tett videre, og tre støttende til om det trengs.Er stolt farmor som dåkke forstår, og takker for å få bli med å feire henne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar