Her er husets eldste medlemmer klar for avgang.
Siste finpuss av pelsen på den firbeinte, pynta med sløyfe var han klar.
Sermonien skulle ta til kl.13.00 og vi hadde ikkje fått nokke klokkeslett å forholde oss til for å delta på festen, så vi var sjølsagt ute i altfor god tid, og møtte tomt hus. ja, ja...tid for fotografering. Inn med magen og fram med brystet og på med eit forsiktig smil...tenker på han i rosa skjorte, men nokke rart som stikk fram mellom beina :-)
Der ja, dette ser bedre ut, og sjølsagt hunden måtte få bli med på bildet og på festen. Der var det nok fleire hunder frå før om eg husker rett.
Eg liker ikkje å bli på bilder, men slapp ikkje unna med eit sjølknips..dette blei det beste så det får berre stå til.
Hunden har vore her berre eit par gonger før, og jammen førte han oss til rett dør, virkelig imponerende. Ingen heime endå, så no vart gode råd dyre....
Vi fann ei Mc Donald sjappe, ser ikkje ut som husfrua har trua..
..men då milkshaken dukka opp var alt ok.
Eg slapp ikkje unna å bli foreviga, det får berre stå til som sagt. Bryllupet var på ein onsdag, og festen vart halden i heimen, og antrekket skulle ikkje vere "too much" så det vart ein enkel kjole for min del.
Det tok ikkje så lang tid før vi kunne troppe opp på festen, og Kyle vart fort ein populær fyr. Mange som ville helse på det nyaste familiemedlemmet. Denne dama kom heilt frå LA, det var henna barnebarn som stod brud.
Heile huset var som å vere i ei rosa sky, pynta etter alle kunstens regler .
Maten var ikkje heilt klar, men gjestane og vertskapet fiksa det i rekordfart.
Kyle gjekk på omgang og tok livet med ro.
Her er det bruda som vil ta sin tørn.
Så dukka denne dama opp...en anna blogger?? Nei, eg fekk forklart at ho pluss ei til, var innleigd for å dokumentere den store dagen..proffe fotografer.
Endå ein som ville helse på.
Då alt var klart på matfronten og alle hadde blitt litt kjente, var det tid for bordbøn og ikkje minst taler. Det var litt annaleis enn kva vi frå Norge er vant med, men den eine etter den andre virkelig imponerte.... iallefall meg. Trur ikkje nokken klarte å holde tårene i sjakk.
Lykkelig brudepar.
Ho fekk med seg talane trur eg.
Amming og byssing måtte til. Må forrresten skryte av babyen, kan ikkje huske han laga ein lyd for heile kvelden...
..men så vart han byssa og trøsta etter beste evne på omgang.
Så var det den siste skål og ønske om hell og lykke videre.
Eit glimt inn i salongen før gumboen, etter oppskrift frå Louisiana vart servert.
Dette er gumbogryta, minner litt om norsk brennsnut i konsistens, men med masse andre krydder i. Smakte godt.
Etterpå var det kaker, men ingen kaffi.
Tid for å sprette bryllupskaka, vanskelig å ta bilder, men det var no ikkje det viktigaste. Kaka smakte godt den.
Det var ein kjekk opplevelse å få vere med i bryllupet. Etter maten,og endå meir sosialisering, kom seansen med pakkeåpning. Det var ein del presanger, men mest gavekort. Brudeparet ønska seg pengegave, for ei bryllupsreise til Florida var nøye planlagt.
Dette vart eit langt innlegg, men når eg først er i gang blir det vanskelig å stoppe. Ikkje sikkert det er så mange som synest dette er nokke berette om, men det blir nok mitt første og sikkert siste bryllup på denne sida av Atlanteren.
Synes å huske at eg lovte nokken av gjestane å invitere på ekte norsk mat før eg stikk nasen heimatt, så det kan hende dåkke vil kjenne att nokken av gjestane i eit anna blogginnlegg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar