Ja, er eg altså på plass som "nanny" eller Besta. Det er ei stund sidan eg styra med babyer, så det er ei bratt læringskurve på kun fjorten dagar. Bleieskift å sånt har gått greitt, men bøygen er å bli trygg utandørs på eiga hand, geitt å kunne ty til vogna for å roe ein baby...
Her er utgangspunktet, og sånn skal det trillast :-) Dette var dag 1
Neste dag var målet å gå ned til butikkane, lange smale gangfelt. Ikkje alt som er stort her borte. Det er mest folk som lufter hundene sine som bruker gangfelta, resten kjøyrer bil overalt.
Det er eit fint og velstelt nabolag.
Fann att strikkebutikken heldigvis, har tenkt meg innom der ein dag.
Strikka lampeskjerm, tja..ikkje så dumt..
Tok oss tid til å fylle opp med nokre kalorier også.
Så var det jomfruturen på eiga hand. Her er utgangspunktet rett utafor basen. Bremsa er på altså medan eg foreviga hendinga.
Bremsa er på her også. Det var ein fin dag, passelig temperatur for ein nordboer.
Så var det valgets kvaler... this way..
..or this way.
Valgte å gå rett fram, sikkert lettare å komme seg heimatt tenkte eg.
Heldigrisen i vogna er kledd etter norsk standard, men det varte berre ei lita stund, for sola varma godt, så det vart å avdekke han litt etterkvart.
Mange fine blomsterbedd (bremsa er på ) Trur det er det vi kaller juleglede som veks her.
Her er det ei slags fontene og ein fin plass for å kvile litt.
Traff ikkje så mange på mi vandring rett fram :-) Denne karen dukka opp og jammen klarte eg å få han på skuddhold med fotoapperatet.
Trur han likte å bli avbilda, for han sette seg til rette å let meg få ta eitt til.
For å gjere ei lang historie kort, så berre snudde eg etter ei god stund, gjekk strake vegen rett heimatt, Første turen gjekk flott, babyen likte seg på tur og sovna godt, så å gå på trilletur vert nok mitt hjelpemiddel når det knip om å få han til å sove.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar