Ja, no nærma det seg at eg skal ha eineansvar for babyen på dagtid. Det er med ein sverm av sommerfugla i magen kjenner eg, men først prøver vi å kose oss om dagane. Trur ikkje Marit har hatt så lenge "fri" på lange tider. To mnd. med permisjon er nok i minste laget, men må ho ,så lyt ho berre la det stå til. I dag var det sushien her i Rockville som skulle testast. Med ein nystellt og stappmett baby kom vi oss på plass, starta med nokre fritystekte skampi medan vi venta på resten...
Det var ikkje så lett å finne ut kva som ville smake best, så det vart litt av kvart. Trur ho gle seg.
Ikkje berre litt ser dåkke, masse, om ikkje alt for masse.
Gle meg no eg også, ikkje så ofte sushi står på min meny.
Må berre innrømme at pinnane eg fekk utdelt ikkje funka i mine hender, så eg måtte be om anna verkty for å kunne gafle i meg godbitane.
Babyen sov som ein stein den stunda vi fekk kose oss. Ute hølja plutselig regnet ned, så vi tok oss god tid. Eg vart no litt bekymra korleis vi skulle komme oss tørrskodd heimatt, men Marit hadde opplevd slike skybrudd før, og tok det heilt med ro. Jammen fekk ho rett, regnet ga seg samtidig som vi klar for avgang. Neste stopp var matbutikken, vi var så mette at det vart lite handling. For meg er det ein opplevelse berre å få sjå utvalget som finst andre plasser enn på Vatne. Dette er litt av ostedisken..
..kjøt og dressinger i ulike varianter i lange baner, langt uttafør bildekanten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar