Sider

17.06.2017 Shopping at the Base.



Ein ting som er uvant for meg her borte er å handle i stort annakvar laurdag. Eg er oppvaksen midt i sentrum på Vatne, og den gongen var det butikker på nesten alle hushjørner. Ikkje for å skryte, men slik var det i den tida...Roaldbuda, Kopra, Borghildbuda, Ludvikbuda, Bruteigbuda...osv. så det var å springe ned på buda, i allefall eit par gonger om dagen. No har det seg slik at Marit og gemalen har tilgang til nokke dei kaller Basen. Det er militært område som er tilrettelagt for dei aktive i militæret og for veterane, og inneheld ulike butikker, boligområder og vanlig militær aktivitet. Det er fleire slike baser her i USA, trur ikkje eg skal begi meg ut på å forklare dette fenomenet, men eg har forstått det slik at dette er ein måte å ta vare dei i"The Army"på, både aktive som sagt, og ikkje minst pensjonerte veteraner og deira familier. I dag er det laurdag, eg har fridag og sit her for å prøve å ta dåkke med på ein storhandel...eg var med sist gong, men let dei sleppe å ha meg på slep i dag..



Det var no kjekt å få bli med, men eg fekk ikkje handle nokke likevel på eiga hand. Googla meg til at 100000 var innom dørene daglig. Ikkje så rart, for prisane var utrulig lave. Det var fleire avdelinger, no er vi på vei inn til ulike matstasjoner og klede og sånt.

Tørte ikkje ta bilder av dei militære direkte, redd for å bli tatt for å vere spion i desse Trumptider, så Marit stilte opp som fotomotiv.

Knipsa etterkvart som vi vandra inn i løvens hule..

..litt for ein kvar smak

Ja, er det nokke du treng?

Det enda med nokre t-shirts og litt drikke for min del. Så var spørsmålet om kva eg ville ete.

Huska ikkje om det var denne pletten eg valgte. Det er ikkje greitt for meg som har valgt bort plast i kvardagen, det er nokke eg berre kan gløyme her borte. Alt, og då meiner eg alt, er i, eller av plast..tallerker, drikkebeger, bestikk, ja alt. Det einaste eg trøster meg med at bambustannkosten min er med på turen, pluss ein ekstra om det trengs :-) Får ta att plastkrigen når eg er heimattkomen.Håper nokken andre tek tak i dette med plastforbruket her borte. Må kanskje ta ein prat med han Trump, han held no til ikkje langt herifrå.



Så vart huskelappen leita fram,og vi er på veg inn i avdelinga for mat og andre dagligvarer. Trur vi var ute på ein rolig dag, for det var som dåkke ser ledige handlevogner i lange baner.

Førsteinntrykket var faktisk imponerande, tenker då på mengde av varer. Sitroner, epler og appelsiner såg sameleis ut som heime :-)


Så er vi igang
Babyen ville også bli på moroa, måtte vike plassen i handlevogna. Det var ikkje berre det som stod på lappen som vart plukka ut av hyllene.

Eg, som ekte nordmann(heiter vel det om eg er hokjønn), sikta meg inn på fiskedisken. Ikkje etande fekk eg vite av den andre norske i reisefølge. Ho visste om ein anna butikk som seldte etende fisk etter norsk mal, så då var det avgjort.

Uff, masse sukker og sikkert masse anna usundt også. Minnte meg om ører, dei fekk stå i fred.

Endelig var runden over og tid for å gjere opp for seg, glad eg slapp den biten. Har du kjøpt dette?

Nei, har du? Nei, ikkje som eg kan huske..

Ok, never mind. Ikkje nokke å lure på.


Eg som har skrytt av at plastnett ikkje var i bruk lenger her i statene, må nok trekke tilbake den påstanden. Vi fekk to hjelpara til pakking av innkjøpet, og plastberget vaks og vaks.


Berre å la det stå til..

Skrekk og gru .
Ikkje nokke å seie på servicen. Fekk vite at det var ungdommer som arbeidde gratis, men fekk tips av dei handlande som takk for hjelpa.

No var det strake vegen heim og fylle opp i hyller og skap. Ser ut til at det har vore ein vellykka dag, og som sagt før, trur ikkje eg kjem til å svelte her borte. Må kanskje ty til litt svelting når eg kjem heimatt. Tenker på buksestrekken på jobb buksene allereie...uff. Vil kose meg nokre veker til, så får det bli vatn og litt brød når eg er heimkomen...trur eg.

Fekk ein snapp no, dei er på heimveg frå Basen. Lyt gjere meg klar til utpakking, kanskje det er tips i vente :-))

1 kommentar:

  1. Må berre le, e så gøy å sjå kor dei gjer det der borte:) Alt er stort å imponerande😊 Ser ut som dåkke he det supert :)

    SvarSlett