Tørte ikkje ta bilder av dei militære direkte, redd for å bli tatt for å vere spion i desse Trumptider, så Marit stilte opp som fotomotiv.
Knipsa etterkvart som vi vandra inn i løvens hule..
..litt for ein kvar smak
Ja, er det nokke du treng?
Det enda med nokre t-shirts og litt drikke for min del. Så var spørsmålet om kva eg ville ete.
Huska ikkje om det var denne pletten eg valgte. Det er ikkje greitt for meg som har valgt bort plast i kvardagen, det er nokke eg berre kan gløyme her borte. Alt, og då meiner eg alt, er i, eller av plast..tallerker, drikkebeger, bestikk, ja alt. Det einaste eg trøster meg med at bambustannkosten min er med på turen, pluss ein ekstra om det trengs :-) Får ta att plastkrigen når eg er heimattkomen.Håper nokken andre tek tak i dette med plastforbruket her borte. Må kanskje ta ein prat med han Trump, han held no til ikkje langt herifrå.
Førsteinntrykket var faktisk imponerande, tenker då på mengde av varer. Sitroner, epler og appelsiner såg sameleis ut som heime :-)
Så er vi igang
Babyen ville også bli på moroa, måtte vike plassen i handlevogna. Det var ikkje berre det som stod på lappen som vart plukka ut av hyllene.
Eg, som ekte nordmann(heiter vel det om eg er hokjønn), sikta meg inn på fiskedisken. Ikkje etande fekk eg vite av den andre norske i reisefølge. Ho visste om ein anna butikk som seldte etende fisk etter norsk mal, så då var det avgjort.
Uff, masse sukker og sikkert masse anna usundt også. Minnte meg om ører, dei fekk stå i fred.
Endelig var runden over og tid for å gjere opp for seg, glad eg slapp den biten. Har du kjøpt dette?
Nei, har du? Nei, ikkje som eg kan huske..
Ok, never mind. Ikkje nokke å lure på.
Berre å la det stå til..
Skrekk og gru .
Ikkje nokke å seie på servicen. Fekk vite at det var ungdommer som arbeidde gratis, men fekk tips av dei handlande som takk for hjelpa.
No var det strake vegen heim og fylle opp i hyller og skap. Ser ut til at det har vore ein vellykka dag, og som sagt før, trur ikkje eg kjem til å svelte her borte. Må kanskje ty til litt svelting når eg kjem heimatt. Tenker på buksestrekken på jobb buksene allereie...uff. Vil kose meg nokre veker til, så får det bli vatn og litt brød når eg er heimkomen...trur eg.
Fekk ein snapp no, dei er på heimveg frå Basen. Lyt gjere meg klar til utpakking, kanskje det er tips i vente :-))
Må berre le, e så gøy å sjå kor dei gjer det der borte:) Alt er stort å imponerande😊 Ser ut som dåkke he det supert :)
SvarSlett