Eg har fortalt før at 17.mai frokost er nokke eg liker å stelle istand. Det vart litt annaleis i år, nokke som i første omgang gjorde meg både sint og skuffa. Har ikkje lyst å rippe opp i det no, men det var trist at folketoget ikkje tok turen innom Vatne. Frokosten heime i Haugane 12 vart avlyst, då ingen ville stille opp på føremiddagen ettersom toget ikkje starta før ut på ettermiddagen ein gong. Det vart no flott frokost på meg likevel, ettersom eg inviterte meg sjøl heim til ein som nok ikkje orka å høyre på syting i etterkant :-) Vi hadde ein solrik og god frokost.
Slik var det i nabohuset, dei kosa seg i pysen utover morgonen og tok livet med ro.
Ja, ja...då var det berre å ta av seg skona og titte på barnetog frå alle andre stader i landet.
Det vart ikkje til at nokken av mine, inkludert meg sjøl, tok turen opp i kyrkja...vi var no der sist det var preike.
Sjå her ja, damene pynta og klare for tog og festligheter på andre sida av Vatneelva.
Eg dilta etter, mest for å sjå kor ditta skulle gå føre seg. Vart glad for at ein tradisjon var ivaretatt, tenker då på bjørkeportalen på den flotte steinbrua.
Ikkje så lett å sjå den fine portalen på dette bildet, men viser den "steingamle", flotte steinbrua.
Det vart no litt stil over samankomsten her midt i Osvingen då korpset endelig var på plass og hjalp til å sette alle i høgtidsstemning.
Så var det taktfast marsjering mot målet på andre sida av eidet...
..var glad så mange stilte opp, fekk no eit glimt av mitt barnbarn også, midt på bildet.
Eg snudde og tok vegen heimover i einsam majestet.
Det vart til at eg tok turen opp til kulturhuset. Det første som møtte meg var denne standen, der ein skulle tippe vekta på denne lure laksen..og då må eg fortelle at dinna fisken har eg laga av ull for, ja ikkje veit eg heilt, men for over femten år sidan minst. Gleda meg over at den tradisjonen er holdt i hevd (vekta på fisken kan varierast...ikkje nokke tull altså)
Møtte ein fint pynta festhall.
Fullt av både ukjente folk..
..og kjentfolk.
Det vart god kake på meg.
Det heile starta med at alle skuleborna frå Vatne og Tennfjord framførte ein innøvd sang, ukjent for meg, men dei var flinke. Trur dette var første steget på at samanslåing av dei to skulekrinsane er like om hjørnet..det går nok den vegen ja. Tok meg ikkje tid til å få meg med dagens tale, tenkte på han som sat att nede på Vatne åleine.
Her sit han, titter på TV ja...lurte på om eg hadde hørt salutten, om eg hadde sett nokke til toget osv..måtte bekrefte at det hadde eg ikkje på denne sida av elva. Kanskje til neste år trøsta eg han med...ja, ja sa han, fint å sjå på TV også.
Dette får vere bra i denne omgang, pliktene kaller ettersom eg har blitt bleiskiftearbeider på full tid ei stund framover, heilt til eg sit på flyet heim til gamlelandet til seinsommeren ein gong.....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar