Reinhold er viktig, så flaskerens måtte til også.
Sukker, kanel, anis og bitte litt E-stoff i form av atamon. Skulla brukt litt sitronsyre, men det visste eg ikkje før eg var ferdig. Det får bli til neste gong.
Las meg til at epler passer ilag med aronia, så då var det ut å plukke.
Eplene i gamletreet er flotte i år. Skimter treet ute i hagen.
Då var det fram med Ipadden, hente bæra i fryseren og sette i gang.
Laga først til ei koke for å lage likør. Brukte oppskrifta på bloggen om hylleærlikøren som eg laga i fjor. Blanda litt hyllebær ilag med aronia, putta litt julekrydder i og følgde oppskrifta.
Varme og reine flasker klare til bruk.
Så var det saftkokeren sin tur. Aronia i botnen, epler....
...kjøpte litt frosne blåbær på Joker, tenkte det måtte passe.
Toppa det heile med oppmålt sukker og litt atamon. Las meg til at det var lurt å ha i sukkeret med det same, då er det berre å tappe safta rett på reine varme flasker.
Då er alt på plass og må det koke ei stund. Likøren treng berre 20 min. Safta ca. en og enhalv time.
Dette er altså på gamlemåten.
800 gram bær vart no nokre flasker likør, er fornøgd med det. Smakte godt.
Dette er safta. Tappa den rett på flaskene. Brukte ca. 200gr. sukker på ett kilo bær, Synes det var passe søtt og smakte godt.
Inviterte ein middagsgjest for å teste produktet. "Jaudå" var kommentatren, og då visste eg at det var godkjent.
Ikkje berre å plukke bær nei, masse godt arbeid må til før en sit med det ferdige produktet 🍁 Å for et produkt 🍂 smakte fortreffelig🍁Superflink er du Elsa 🌿🍁👍
SvarSlett