Sider

20.08.2016 Elsatur del 1



No er første feriebolken i 2016 snart over, mandag er det påan igjen. Vi sat og snakka om feriemål på jobb ein kveld, og då var det ei som kun hadde tenkt seg på nokre Elsaturer ..hæ, ka det er for nokke då, tenkte eg. Då kunne ho fortelle at ho var inspirert av turane eg la ut på bloggen, turer hit og dit i nærområdet. Vart no litt stolt av at eg kunne bidra i så måte. Så vart det Elsatura på meg også. Har invistert i ny bil..ja, ja den er no ikkje heilt ny då, men har ikkje fått testa den anna enn i Brusdalen nesten, så det vart ein tur ned til Bremangerlandet på smale,  svingete og bratte opp- og nedoverbakka.



Det vart ein tur som har vore planlagt ei stund, faktisk i nokre år. Det har seg slik at eg hadde eit opphold på Muritunet og vart kjent med nokre kjekke damer. Vi har holdt sporadisk kontakt etterpå ,og to av oss fann på at no vi skulle ta turen ned mot Stadtlandet der den eine held til...

 ...og då eg såg i avisa at det skulle vere Elvisfestival i Måløy,  var vi snar å ta kontakt, og kom oss avgarde. Billetta i boks ser dåkke og bere å glede seg.

 Fekk nesten sjokk begge to då sjølvaste Elvis åpenbarte seg i ei sidedør  då vi kom opp til kyrkja.

Eg styrta forbi, men Torhild tok mot til seg og spørte om å få ta bilde. Det var ikkje nei i hans munn...kjekk kar
 Det vart ei stund å stå i kø, men det var heldigvis opplett og god stemning.

Dette er dama vi besøkte, har ikkje sett ho sidan kuropphaldet (ho i kvitt altså),ho har ikkje forandra seg i heile tatt, like sprudlande som eg husker henne.

Jammen dukka Elvis opp endå ein gong, no i lag med lokale krefter som skulle hjelpe han under konserten.
Denne Elvisen kom frå London og vart satt stor pris på. Det kom ein heilt i frå Hawaii også, men han heldt seg inne.
 Pressa var også på plass.

Torhild ser no litt skeptisk ut, men det er mest pga litt lang køståing, og at myggen vart litt innpåsliten.

Endelig fekk vi komme inn, Flott belyst kyrkje i skikkelig elvisstil. Konserten var heilt fantastisk, det var både mannlige-og kvinnlige Elviser, og ikkje minst flinke musikera og eit lokalt kor som virkelig imponerte. Skulla no hatt lyd på denne bloggen, men Håkon nekter å vise meg korleis ein legg inn videoer. Altfor komplisert for ei gammal dame seier han, men berre vent, eg skal jammen prøve ein anna gong.Bilda lyt tale for seg sjøl uten lyd, skulla ønska dåkke fekk høyre, for det var skikkelig storslått.



Tre ulike Elviser.



Det var ikkje berre i kyrkja Elvis vart hedra. I sentrum av Måløy var det satt opp eit stort telt med både scene og ølkraner.
 ..men det var ikkje stor oppslutning om dette tiltaket desverre.

 Vi var no litt tidlig ute, men dåkke ser, det vart litt ensomt sjøl om musikken ljoma.

 Det står ein Elvis og gjer så godt han kan laangt der borte.

Zooma inn og han likna no litt, i allefall etter nokre pils. Han var flink å synge, trur han kom frå Horningdal. Vi sat ei stund i teltet, fann ut at vi måtte ha litt mat. Ute regna det nesten trollkjerringa, det er nok litt av forklaringa at folk heldt seg heime. I tillegg var det ein dødsbrann i huset like ved teltet, det forklarer også litt dei lange tomme borda. Vi tok tidlig kveld,  hadde tross alt kjørt heilt frå Sunnmøre...fortsettelse av Elsaturen følger om litt.

PS Bilen funka som berre det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar