..for eg fekk beskjed om å komme å hente nokke med ein gong, og det var dette råbygget.
Tok meg ein tur inni vedahuset, og der var det masse materiale eg kunne bruke til innredning, men det var det å komme i gang då..
Det vart ein tur på byen først. fekk no høyre at det gjekk smått med innredninga, så i dag tok eg meg på tak og sette i gang.
Eg har no vore i tenkeboksa nokre dager, og kom over desse blomstrane ein dag eg var på biltur. Eg veit at desse har holrom i stilkane, så det måtte vere perfekt.
Ut å hausta og sette i gang.
Det er eit skikkelig "hand made" hotell som blir til ser dåkke.
..måtte ha litt elektronisk hjelp til alle hola då men..
Kom på at bambusen også kunne komme til nytte, og desse små røra er i allefall handplukka.
Det vart masse som måtte til, fire rom som skulle fyllast. brukte no litt lyng og forskjellig eg fann rundtomkring.
Dei vart litt like, men det skal no ikkje vere stove, bad ,WC osv som i eit dukkehus heller.
Sånn vart det til slutt. eg er no rimelig fornøgd. Håper humler og bier (kveps er ikkje velkomen:-)) synes det same. No blir det å finne ein lun og lur plass til hotellet, og håpe på leigetakera til neste sesong. Mangler berre litt hønsenetting no til å halde innredninga på plass, og evt. fugler på jakt etter mat vekke. Håper nokken som les dette også vil hjelpe verdens humler og bier med husrom i allefall.
Jaudå
SvarSlettDu har jammen mange flotte ideer og får gjennomført dei med glans! Grattis, vel gjennomført prosjekt! Håper det blir fullt belegg i dette flotte hotellet 😀
SvarSlettEndeleg!
SvarSlett