Sider

21.07.2016 Feiring framme på Reiten 11 av ei hending som skjedde for 44 år sia.


Det er no nokre dager sia eg vart invitert til middag framme på Reiten,  og hendinga som skulle feirast, var ein 44 års-dag. Ikkje greitt å samle sammen mange gjester midt i ferietida, så det vart dei aller nærmaste som held seg heime i ferien, som takka ja... Det vart spleisa på gåver , og vi laga til fleire småpakkar.

Ikkje rart dinna karen er heime i allefall. Trur han var glad det skjedde nokke i det heile tatt, så han tok krykkene fatt,  og hompa seg over til naboen.

Ei stolt Hedda som viser fram gåva ho hadde laga til pappaen sin.

Uff, ditta var travelt.

Her er "bursdagsbarnet"..tenk 44 år..han har snart nådd meg att.

Trur han hadde styra mange timer med hovedretten. Det var langkokt svinenakke som fekk ein siste omgang på grillen. det smakte kjempegodt.

Her er det ulike sauser som blir til. Vilde laga den eine ser dåkke. Ho ser så lur ut..det blir spennende å smake.

Fleire som gler seg til måltidet, for det lukta godt.

Bordet er klart..

..og det er som seg hør og bør kokken som står for åpninga av seansen...

..og så er vi i gang.



Maten smakte fortreffelig, og vi gjorde reint bord.

Visste ikkje at hundeeigara også slikka grytene, men det fekk eg oppleve denne dagen. Eller var det den sjøllaga sausen ho var så fornøgd med?

Ausa fekk seg ein omgang også.

Gåvene vart åpna medan det var sceneskifte i kjøkkenkroken.

Håper han likte denne, skikkelig utstyr for både kveite-og kolkjeftfiske.

og litt leskande i ferien.

Ho blir aldri lei av dissa spela på ipadden, eller rettare sagt så er ho nok hekta på spel..det går nok over.
Klarte ikkje å dy meg då eg såg dinna labelen på ølflaska, men han tok det fint.

Så var det tid for kake og kaffi. Trur ikkje alt er som det skulle vere med denne versjonen av den såkalla verdensbeste marengskake. Fekk no vite koleis den skulle sjå ut.

Full diskusjon om ka som hadde gått gale.

Kaka overraska den. Skinnet bidrar er det nokke som heiter, og det stemte no også. Smaken var akkurat som den skulle vere, og det var ikkje ein smule att då vi var ferdige. Det er berre å trene Vilde.

Får avslutte dette innlegget med bildet av jubilanten og ein liten sliten gjest,  takke for invitasjonen, maten og hyggelig samvær...og ønske alle fortsatt god sommer.Snart ferie på meg også, nokre dager til no så braker det laust med etterlengta fridager. :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar