Hei igjen til dei som er innom bloggen min. Har tatt pause no i jula. Har ikkje tatt bilder anna enn av juletreet, men då eg vakna opp til det julekortsynet i dag tidlig, lada eg kameraet og sette i gang. Dette er glimtet eg ser ut av det frosta glaset på stua.
11122014 Eit tilbakeblikk
Halloen. Her ligg eg rett ut på sofaen, pynta og SJUK. Dårlig reklame for all hyllebærlikøren eg har tylla i meg. Men som Marit sa: Tenk ka sjuk du hadde vore om du ikkje hadde gjort det. Bra trøst det medan det verste stod på.
25112014 Eplechutney på menyen.
Hallo igjen. Tenkte å fortelle historia om epletreet eg har i hagen. Treet er nesten 70år gammalt og vart i si tid kjøpt av min far på Amdam. Det viste seg at epla var rett og slett så sure at ingen klarte å ete av dei. Mange har vore på slang opp gjennom åra, og eg har sett mange epler langs vegen som det kun er et bitemerke på. Mor mi prøvde å lagre dei med håp om at dei vart bedre utover vinteren, men trur ikkje det lykkast heller. Eg har brukt dei som pynt som dåkke ser. Mange har hatt lyst å smake, men vart stoppa i tide.
19.11.2014 Labbens årlige julebord.
Ja då var dagen komen:Årets julebord! Her er eg klar til avgang som dåkke ser.Lurte fole på ka eg skulle ha på meg, Hadde mange runder foran speilet før valget var tatt. "Skal du gå sånn?" var kommentaren frå fotografen, men då var det for seint, det var berre å komme seg avgarde og la det stå til...gledde meg faktisk..lenge sia eg var på julebord.
06112014 Endelig besøk frå Amerika.
Ja, ja..lenge sia eg var innom her. Har ikkje hatt så mykje å berette. Men no kom Marit heimom ein tur, så då vart det litt meir liv her i Haugane 12. Hedda og Vilde vart med ut til flyplassen for å ta imot henne.
18102014 To nyskjerrige damer på bytur.
Halloen. Ei stund sia eg var innom bloggen no. Ikkje så masse som har skjedd for tida, men i dag frista denne utstillinga. Las i avisa at sjølvaste Pushwagner var venta til byen, så då frista det med ein bytur. Hadde lyst at Vilde var med, og etter eit lynkurs om Pushwagner sin kunst, vart vi enige om å reise til byen.
04102014 Atlanterhavsparken
Då er dagen her, enda ein dag ilag med barnebarn, gleder meg. Disse fiskane får representre dei flottaste eg såg.Var vanskelig å ta bilder, men gjorde så godt eg kunne.
031014 Fridag med kafebesøk og taco.
I dag hadde eg den absolutt siste feriedagen min i 2014. Hadde blanke ark i dagtidlig og kom på at SUKK , den splitter nye kafeen her på Vatne, var åpen. Nokke som ikkje skjer kvar dag. Eg tok turen opp på barneskulen for å finne Hedda og Vilde. Fann døra inn til Hedda og lurte meg inn..
21092014 Forest face.
15092014 Ein luftetur til Danmark
No var dagen komen, eller natta, for eg måtte opp fryktelig tidlig for å nå flyet til Oslo kl 07. Her sit eg stivpynta frå topp til tå på Gardemoen og venter på neste fly...
09092014 Makrell opp i mente og ned i mente :-))
No er eg klar til å fortelle resten av historia om fiskeriet. Kjøkkenet er omgjort til fiskeforedlingslokale, uff, vanskelig ord, men trur det gjekk bra. Plenen er slått, ser spora etter klipperen, nok om det..
09092014 Sildegarna skal prøvast
06092014 Har lært meg nokke nytt og spennende,
Hei igjen! I dag kom Vilde på besøk, barnebarnet mitt som er 12 år. Ikkje så ofte ho stikk innom no når skulen er i gang att. Som oftast har ho lyst på nokke godt når ho kjem, vafler for eksempel, men i dag vart det nokke eg laga iforgårs, etter eit tips på nettet...
04092014 A shot a day keeps the doctor away.
Har fortalt før at eg har planta meg ein hyll i hagen. I år er der en god del bær, sjøl om eg plukka blomster i juli til saft og te.Har lyst å dele gleda over ei slik busk i hagen med andre, og kanskje få gjort nokke med sjukefråveret på norske arbeidsplasser :-))
03092014 Kyllingboller og kyllingfilet på menyen.
30082014 Tur langs Flofjellvegen # Grønntur #
Endelig er dagen her! Vi "labbdamene" og ein herre skal på tur. Det vart ikkje blåtur i år, men det kom opp ein plakat om grønntur. Påmelding og informasjon om ka vi måtte ha med av ymse ting , både vått og tørt.
27082014 Inspirasjonstur
Hei igjen! Har no meir å fortelle frå turane i sommer oppdaga eg. Har titta på bilder, trena meg på å redigere og sortere og lage mapper, ikkje så lett å lære slikt i min alder.Har fortalt om turen til botanisk hage der eg såg oldemorshagen..
25082014 Inneaktivitet Haugane 12
Ja no er sommeren på hell, og alle bukselinningane er faktisk stramme. Heldigvis har eg hjelpemiddel for det her i Haugane 12. Eg finn på mykje rart før før eg kjem meg ned kjellertrappa, for det er ikkje alltid motivasjonen er på topp. Klarer faktisk å komme meg ned dit et par gonger i veka, så bli med ned ...
21082014 Mine fantastiske brød
Alle, og då meiner eg alle, som har smakt på brøda eg baker for tida, skryt og vil ha oppskrift. Bror min kom faktisk med fire pakker kveitemjøl her ein dag. Det er berre å bake, fekk eg beskjed om.
18082014 Seljetur
Hei igjen! Må fortelle frå turane i sommer medan det er friskt i minne. Dette er mitt kjekke reisefølge til Selje, søstrene Ulvestad, Aud t.v. og Siv t.h.
17082014 Svipptur til Oslo
Ja, ja..no er ferien over. Det vart ikkje nokken stortur på meg i år, men fekk no lufta meg litt. Las til min store forskrekkelse at det var gjort hærverk i botanisk hage i Oslo dagen etter at eg var der en tur. Fekk lyst å vise litt av det eg såg der
06082014 Haugane 12 To og to
Hei igjen! Sit no her og titter meg rundt i huset. Har ferie så det er uvandt å gå her å tøve. Men i morgo reiser eg på tur, er visst på tide å komme seg ut av dørene. Men i dag oppdaga eg noko nytt, om det er singellivet som gjer det, er eg ikkje sikker på, men oppdagelsen tyder på det.Bli med på enda en tur rundt om kring og sjå kva eg snakker om...
05082014 Haugane 12 innadørs 2
Ja, ja..no er eg på kjøret når det gjeld dinna blogginga. Fann ut at eg har masse nips rundtom i huset, Får ta dåkke med på en tur å titte på fugler og dyr av ymse slag. Disse svanene er faktisk flaskeopnera, kjekt å ha..
04082014 Gardinpynt
Hallo igjen, kjekt å blogge...Vakna i dag gristidlig og titta meg rundt på soverommet. Oppdaga at eg har hengt "pynt" og ikkje berre gardiner på gardinstengene. Henta et kamera og tok ei runde rundt i huset. Starter med ett gardinlaust vindu, så bli med en tur..
Abonner på:
Innlegg (Atom)