Sider

04092014 A shot a day keeps the doctor away.


Har fortalt før at eg har planta meg ein hyll i hagen. I år er der en god del bær, sjøl om eg plukka blomster i juli til saft og te.Har lyst å dele gleda over ei slik busk i hagen med andre, og kanskje få gjort nokke med sjukefråveret på norske arbeidsplasser :-))

Når bærklasane heng på hodet og er tunge, blanke og svarte, er tida kommen for hausting. Men kvifor akkurat hyllebær eller Sambucus Nigra som det heiter på fint.Stikkord er lektiner og antioksidanter. Nokke som er bra for sjela, fordøyelsessystemet, balanserer følelsene våre og beskytter kroppen vår mot alvorlige sjukdommer.Det er berre å google hyllerbær, så finn dåkke ut at eg ikkje tuller.
Ikkje alle var modne, så det blir å plukke i fleire omganger. Kan sikkert fryse ned og tilbrede alt tilslutt
Bruker ein gaffel for å pille bæra av hamsane, dei skal ikkje brukast.
800 gr bær
9 dl vatn. Er så glad i denne lille muggen, den tek akkurat 3 dl og er ofte i bruk.
Då er det berre å koke opp..
og la det koke i 20 min. Skummer litt, så det er best å passe på.
Dette ser litt ekkelt ut, men det er ein godt brukt bærpose berre, no skal det heile silast.

Sukker må til, 300gr pr liter. Denne blide karen anbefaler 1/4 ts atamon pr. liter saft til konservering.
Nytt oppkok ilag med sukkeret og atamon.
Då er det å finne fram ei fin flaske..
Hadde berre ei eg i dag, men det skal eg fikse til neste koke.Då er det berre å starte kampen mot all elendigheit. Som sagt ein dram kvar kveld er mi anbefaling. Det er mange hyller som står urørt rundt omkring, men det er lurt å spørre om lov har eg erfart. Lykke til om nokken vil prøve, og skål for ei bedre helse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar