No er eg klar til å fortelle resten av historia om fiskeriet. Kjøkkenet er omgjort til fiskeforedlingslokale, uff, vanskelig ord, men trur det gjekk bra. Plenen er slått, ser spora etter klipperen, nok om det..
Vekta må fram, ca 700 gr pr elte.
Så er det foodprossesoren som må trø til..
Ingrediensene er løk etter behag, litt potetmjøl, ein dasj grillmjøl, salt, pepper og melk til passe konsistens.
Det går fort unna, berre snakk om sekunder så er røra klar.
Trur fotograf Håkon Aure vil vise handlaget til kokken med dette bilde.
Trudde eg måtte ha smøret klart, men makrellen var så proppa med omega 3 fett, at det var ikkje nødvendig.
Ser her kor det sunne fettet bobler fram.
Har komt godt i gang her..
og så masse vart det. Ser nesten ut som kjøttkaker, men det er deilige makrellkaker altså. Berre å gle seg Marit.
Makrellfileer på rekke å rad, salta, tørka og venter på sluttprosessen.
Tja, trur denne går rett i fryseren til ei anna anledning. det vart flotte fileer av kolmula.
Trur forsyne meg at marihøna har lurt seg ned i kjellaren, lurt det.
For her er ho på plass for å passe tida på røykeprosessen, ca. 20 min.
Heilt nyrøkt
Måtte smake, veldig fornøgd faktisk...
..og her enda ein del av makrellkakene som deilig søndagsmiddag. Medhjelparane fekk også sin del, og resten ligg i fryseren i lag med både fersk- og lettsalta sild.Og moralen er, i følge ein som kom for å sjå kor det gjekk med storfangsten." Den som ikkje ein slik fangst kan nytta så, er ikkje ein slik fangst verd å få" Så då so..:-) No må eg kvile meg ei stund og reiser på tur. Har sikkert nokke å berette om det om litt. Sjåast.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar