Uff, trur ikkje dette er nokke for meg.
Fekk nesten julestemning då kjøvle og voksbiten kom fram, det er underlaget eg bruker til flatbrødbaking rundt juletider.
ja, ja...lyt berre hoppe i det
Prøvde meg fram, men ditta ser ikke bra ut
Prøvde på ulike måter, men nei..
Dette var enklare, tenkte å lage eit perleband. Alle delane vart herda i ovnen, og blir det ikkje bra så får eg prøve igjen.
Tok meg ein tur ut og blinka meg ut eit offer for min kunst.
Første forsøk, litt lang i maska
Måtte korrigere litt
..og sånn vart det. Ho ser no litt misfornøgd ut, og har all grunn til det. Har ikkje fått tilbakemelding frå oppdragsgiveren endå, og eg frykter begge vil vere sånn passe fornøgd med resultatet. Har meir leire, så ho skal også få prøve når ho dukker opp om litt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar