Sider

15092014 Ein luftetur til Danmark

 No var dagen komen, eller natta, for eg måtte opp fryktelig tidlig for å nå flyet til Oslo kl 07. Her sit eg stivpynta frå topp til tå på Gardemoen og venter på neste fly...

 ..som sjølsagt var forsinka.
 Men eg kom meg fram til Grimstad i god behold til tross for høghela sko. Fint skal det vere,  sa busssjåføren då eg stagla meg ut for å skifte buss i Kristiansand. Måtte foreta eit busskifte for å treffe mitt reisefølge til Danmark, og her sit ho på sitt kontor og forbereder turen. Ho inviterte meg på tur,  og eg var snar å takke ja, for ho snakka om nokre kjekke finnmarkinga som skulle vere med..
 Trur eg knipsa dette kunstverket på kontoret henna, som forøverig var fint pynta med kunst. Ho er ein skikkelig kunstelsker, så det vart mange galleribesøk. Trur det er smittsomt, for det vart både kjekt og lærerikt.
 Etter mykje stryr og ikkje minst leiting etter ei lommebok, nådde vi med nød og neppe båten til Danmark.
Han her trur eg har misforstått, for det er båten som har super speed...ja, ja det gjekk bra.


 Ikkje nokke tull, reservert bord i matsalen. Forstod ikkje ditta med cargo, men det trengte eg visst ikkje å forstå heller.
 No er vi på plass,  og det er berre å slå ut håret og kose seg. Ein heil dag i Danmark til shopping og sånt.
 Matkø, men ingen fare. Mat nok til alle og vel så det.
 Vi hadde plass på business class, det var som i eit fly, berre enda bedre plass.
 Her er reiselederen i arbeid.
 Stilig, sånne skal eg lage meg.
 Vi var innom ein koselig landsby og der inne i ei garage kom vi over alle disse reinsdyra
 Eg har ein i nærmaste familie som kjemper helg etter helg for å felle ein rein oppe på Hjerkin ein plass.Han har ikkje lykkast endå, Så eg måtte berre kjøpe disse to til trøst.
 Synes dei var flotte eg.
 Her er han som skaper dei. Det vart litt vanskelig å bestemme prisen. Siv hadde berre euro, så  kalkelatoren måtte fram. Dei vart enige, så reinsdyra fekk bli med oss.
 Humle i full blomst, vakkert.
 Eit lite glimt av det vi fekk med oss av kunst



 Sliten Siv? Ho var sjåfør, veldig flink forresten. Men no tok vi ei skikkelig pause
 Det vart nokke som heiter Stjerneskudd, nesten som havetsfestbord i eitt smørbrød. Kjempegodt med ein bayer til. Lykkelig i ny vest og lykkelig for å få bli med på tur.
Vi kom fram i god tid før kvelden. Eg visste ikkje kor vi skulle, det viste seg og vere eit sportssenter.
 Med køysenger!! Eg har no fortalt nesten alle eg kjenner om svalestupet til Siv sisst vi låg i køysenger. No hadde ho forsikra seg med firmannsrom slik at ingen av oss måtte ligge øverst. Det gjekk strålende.
 Mi seng.
 Ok dusj også.
 Siv måtte jobbe på lørdagen, så eg tok meg ein tur og titta meg rundt. Største treet eg har sett, det viste seg å vere eit eiketre, kjempeflott.
 Fint
 Her fann eg bilen til Siv, så då var det å finne ut ka ho styra med på jobb.
 Å sjå her dåkke..
 Sånn kan nokken ha det på jobb :-))
 Dei hadde sikkert jobba hardt før turen over Skagerak. Dei arrangerte ei fotballturnering, faktisk NM for bedrifslag både i fotball og vollyball. Masse å holde styr på.
 Det var ikkje så lett å få dei ut av bua, så eg tok meg ein tur på eigenhand.
 Dette var ein anna gjeng som turnerte, forstod ikkje heilt ka dei hadde sånne små mål før..
 Hadde no vore greitt å kunne strekke seg opp vel?
 For der var mange å velge mellom.
 Ein alvorsprat med dommerern?
 Det var disse kampen stod om, fine.
 Viktig å holde styr på resultata.
 Det vart spenning til slutt
 Siv fortalte om nokke kjekke kara som skulle vere der nede, trur det var dissa ho likte best. Her lader dei opp til bronsefinale.
Eg fekk beskjed om å posere i lag med reklameskiltet deira. Tru om ho har tenkt å bruke bilde for å få fleire oldboys lag på turneringer rundt omkring.
 Og her er bronsen i boks, vel fortjent.
 Fotballen unnagjort, og no var det lunsj i lange baner.
 Glimt frå vollyballturneringa
 og endå meir å holde styr på. Eg tok meg ei stund på køya.

Og laga meg eit slags spel av loppisfunn og resten av pilsa frå dagen før. Det var bankett med premieutdeling om kvelden, men det får bli ei hemlighet ka som skjedde der.

 Neste dag snudde vi nasen heimover. Her er det fotoshoot ved "Nordsøen" , bidrag til TARA modell 60+ 2015. For seint i år.
 Nordsjøen,
Så var dette eventyret over. Her sit eg på Flesland og venter på fly heim, i eit meir passende fottøy. Takker for turen Siv, det var kjekt å få bli med,  og så må du helse til Trond.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar