Sider

03092014 Kyllingboller og kyllingfilet på menyen.



Ja, no er fjellturen som eg gleda meg til unnagjort. No må eg finne på noko anna. Har fått eit sånt fint forkle i amerikagåve frå Marit, ho er ei lurhøne, så eg trur det er eit trylleforkle ho har kjøpt. Det virker slik at eg faktisk synes det er kjekt å lage mat når eg tek det på...

Har handla inn masse sunne ting, for bukselinningane er fortsatt litt trange. Har trimma etter planen, men det må nok strammast inn på andre felt også.
Skal lage sunne kjøttboller av kylling. Starter med å varme opp panna. Bruker kun smør, for det er berre SMØR som er smør til matlaging.
 Rører inn salt og krydder først, så ett egg, litt grillmjøl, gresskarfrø, cottage cheese og sper med litt matfløte.
 Så på panna ilag med litt løk
 Hadde to fileter på lur, så dei fekk bli med i panna.
 Litt urter frå hagen og så inn i ovnen på 200 grader
Tida er det marihøna frå New York som passer på,  med hjelp av denne staute konfirmanten. Barnebarna er også med.
Sunn pasta..
Sunn salat
Vatnet må koke opp, men det veit vel dei fleste
 Så er salaten klar, pynta med ertespirer.

 Proteinet er også klart

Då er alt klart, det er berre å stupe i salaten ilag med badenymfene som også er newyorkere.



Då er senasen over, alle spor etter tilberedelsen er sletta. No må forkledet av, for som dåkke ser gjennom vinduet, plenen venter på meg. Trim det :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar