Lær å lage din eigen yoghurt, lokka overskrifta med. Ditta må eg prøve, for eg hadde alt eg trengte.
Rørte inn 2 ss kjøpeyoghurt i 1 l lunken melk ca. 40 gr.Så skulle det stå på en lun plass med lokk på til neste dag.Eg vakna gristidlig, spratt opp, for ditta var spennende. Jammen hadde det blitt yoghurt naturell :-)
Las så at du kunne lage din eigen kremost av halvparten. Det var berre å ta halvparten over i eit klede og la mysen renne av. Det tok nokre timer, men spennende det også.
Yoghurt a la Haugane 12
Godt med honning og ulike nøtter.
Las videre at du kunne lage te av salvie,om du hadde litt igjen i hagen. Det hadde eg.
Ut før dagslyset var komt, så eine bladet er litt prikkete men, men..sikkert ikkje farlig.
Så fram med presskanna, trekke i 6 min stod det.
Det vart grønn te. Godt meg litt honning og eit lite strø med cayennepepper. Bra for sår hals kunne eg lese.Er no bra i halsen eg, men bedre å vere føre var.Stilig skei??
Osten er klar for smaksetting.
Det vart salt, pepper, kvitløkspulver og litt krydder til.
Det vart virkelig kremost, krydderost, faktisk etande. Men det var det eg skulle fortelle: Vilde liker igrunn ikkje yoghurt sa ho, men for mi skuld ville ho smake litt berre. Å veit dåkke ka ho sa ?" Eg må få oppskrifta Besta"Så no er det berre å lage ny yoghurt når det er 2 ss att av den forrige.Vilde kjem i morgå for å lage sin eigen yoghurt, ho ville prøve seg på gresk type. Dette blir kjekt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar