Sider

27082014 Inspirasjonstur

 Hei igjen! Har no meir å fortelle frå turane i sommer oppdaga eg. Har titta på bilder, trena meg på å redigere og sortere og lage mapper, ikkje så lett å lære slikt i min alder.Har fortalt om turen til botanisk hage der eg såg oldemorshagen..

Her er resultatet av den inspirasjonen eg fekk der. Det er sandkassa til barnebarna som no blir omgjort til min oldemorshage ( er ikkje ferdig) Det er berre flotte gamledagse stauder. Trur det blir bra.
Humle på staur såg eg også i Oslo, Mi si humle klamra seg fast i ein stige og gamlesykkelen til Håkon, så den må få andre vekstvilkår til neste år, trur eg.
.
Er så stolt over det flotte reinshornet eg har ved inngangsdøra mi...
....og jammen er det nokken som har herma etter meg.
På Sjåk vart eg imponert over det flotte bakverket dei lokka med,
men sjå her dåkke. Disse har eg baka, fekk lyst  å bake meir.
På. veg ned til Stryn fekk eg brått ein aha- opplevelse.Dette har eg sett ein anna plass også.
Dette bilde har eg i stua mi, arva etter ein nabo som var hobbykunstner, er sikker på at han har fått inspirasjon sin herifrå-
Men då eg kom til Stryn og såg arnestaden til Moods of Norway, vart eg skikkelig inspirert altså. Når dei har lykkast, så så kan eg også ....kanskje i allefall
For her er løa mi, har ikkje rosa traktor...
men to gamle grøne kjelker kan no vel gjere nytte for seg.


Vart litt meir skeptisk på om eg kunne lykkast med ideen min om å herme etter Moodsane då eg såg alle dressane dei har fått laga. Var faktik billigsalg der, kanskje dei har laga for mange??
Fin, ikkje sant?
Her er et glimt frå eine kottet mitt..
..Og der heng den. Dressen er laga på Vatne på 70-talet ein gong--like fin som Moodsane sine, men eg har berre dinna eine. Må nok finne på nokke anna,  orka ikkje å lære meg å sy.




Har vore så stolt av all veden eg har fått lødd opp i vedahuset, men det er berre småtteri..
Sjå på dette ladet dåkke, det er meg som er brukt som måleståkk :-) så det er berre å stå på. Det blir ein vinter med masse snø og sikkert kaldt også, har eg høyrt, pga at det er så lite  rongebær i år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar