Sider

21082014 Mine fantastiske brød

 Alle, og då meiner eg alle, som har smakt på brøda eg baker for tida, skryt og vil ha oppskrift. Bror min kom faktisk med fire pakker kveitemjøl her ein dag. Det er berre å bake,  fekk eg beskjed om.

 Oppskrifta er faktisk berre sånn cirka. Til to brød trengs 24 ss korn av ymse slag, litt salt, kun 1 ts tørrgjær
 Måler opp mjølet for sikkerhets skuld, 900 gr av fint sammalt- og fint kveitemjøl
 Då er det berre vatn som mangler, ikkje så varmt, 7 dl blandast inn med ei skjei berre..
 Dekke til bollen med eit klede og ein Jokerpose(sistnemnte er viktig for meg :-) og eit klede til.
 Heving på ein lun stad som vanlig, men det er dette som tek tid. Først 40 min.
 No er det moroa starter, for no skal det berre brettast og...
 og dragsat. Heve 40 min til, drage og brette. 30 min til med heving, draging og bretting


 før deiga skal formast til to runde brød.

 sjølsagt ny heving, ca 1 time
 snitte og putte dei inn i 240gr varm ovn i 10 min, skru ned til 220 gr .Så tek det 25 min til dei er steikte.
 I dag er eg i husmorhjørnet, laga sunn laksesalat medan eg venta på brøda.
 Her ser dåkke vidundera..
Kjempegode, måtte smake med litt smør og sylte. Godkjent . Lykke til hvis nokken vil prøve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar