Sider

18082014 Seljetur


 Hei igjen! Må fortelle frå turane i sommer medan det er friskt i minne. Dette er mitt kjekke reisefølge til Selje, søstrene Ulvestad, Aud t.v. og Siv t.h.

 Vi tok inn på dette koselige huset som er med på kunstløypa for Sunnmøre og Nordfjord. Doktorgården, som er både kunstgalleri og overnattingsplass.
 Prinsessene Aud og Siv måtte få overnatte standsmessig som dåkke ser...
 ..her låg eg :-(
 Neste morgen tok vi turen ut til Selja i blikkstille, ville ut å titte på klosterruinane der ute.
 Det første eg la merke til,  var vindmøllene, noko eg ikkje liker i det heile tatt. Forsøpling av naturen, spør du meg, men det er ei anna historie. Heldigvis var dei ikkje her på Selja, så bli med å sjå på ruinane.
Vart imponert over dei vakre murane der ute.

 Jammen dukka det opp en munk også, dette blir spennande.
 Flott utsikt frå eit enda vakrare vindu.
 Inne i klosteret, buen bak der var visst sakrestiet.
 Så kom munken Adrian og fortalte alt han visste om funnet av Sunniva, ei irsk prinsesse, som omkom der ute for lenge sia, sånn ca. år 900. Ho vart helgen etter mykje om og men, St. Sunniva.
 Munk Adrian fortalte også om ungdomskjelda der ute, og Siv måtte prøve. Ned på høgre kne og drikke tre ganger med høgre hand.
 Han likte ikkje stilen til Siv, så han viste meg korleis det skulle gjerast, så eg håper det virker slik han fortalte.
 Trappa opp til hula der Sunniva vart funnen.
 Litt skummelt og masse mygg..
 Det var laga til eit alter på funnstaden, der kunne vi legge ønskelapper. Det var visst ønske om en kjæreste det var snakk om, glad eg ikkje hadde med penn og papir.
 Det var godt å komme seg ned att frå grotta..
 men opp i tårnet våga eg ikkje, alt for trangt. Reiste så til fastlandet igjen.
 Her er eit glimt frå galleri Amdam, det ligg litt lenger ut i fjorden.

Må vise lysekrona frå kjøkkenet vi disponerte på Doktorgarden, stilig. Ja, ja..det får vere nok for denne gong. Vi hadde en flott tur i allefall, anbefalast til etterfølge.

1 kommentar: