Hjelpe meg kor det har lava ned i natt, ikkje langt unna halvmeteren.
Her er utsikta frå kjøkkenet, tok med dette bildet mest for å vise gardinene som må på plass kvart år, ikkje jul uten dei.
Då var det å ta ein titt rundt omkring. Ja. ja...berre å sette i gang. Heldigvis er snømøking nokke av det kjekkaste eg veit, og etter all julematen er det godt å få teste forma.
Tru kan som har luska rundt huset i natt, sikkert ein som kom frå pubben ein gong i natt, for det viste seg å vere fotspor ca, størrelse 43
Tok meg ei runde å såg på forholda før eg sette i gang
Fekk selskap av denne karen som også titta på forholda..
Fleire byger på veg, så det var berre å leite fram redskapen
Måtte bort i løa for å finne møkebrettet viste det seg,trur denne typen likte seg best innadørs, ser nokke forskrekka ut.
Epla klamra seg fast. Som dåkke sikkert har oppdaga er eg så imponert av det gamle treet i år.
Ja, det er min bil, gle meg til eg får garsaje på plass, til neste vinter kanskje.
Bygene truer ute i fjorden,
Så masse har det snøva siste døgnet altså.
No har eg møka rundt bilen, bort til løa, ned til kjellaren, så no er det bilen att og ned til hovedvegen
Heldigvis fekk eg hjelp til det tyngste, for den kommunale plogbilen dukka ikkje opp
No er det snart gjort i denne omgang
Ikkje nokke tull, skikkelig veg bort til løa.
Uff, sjøl om eg liker å møke vart det litt tungt i dag. Våt, sveitt og fin raudfarge i fjeset og litt øm i ryggen.
Då eg var ferdig lysna det opp, og det var skikkelig vakre farger.
Og jammen dukka denne opp også, men det var for seint, og det var han sikkert glad for.
Fint motiv berre.
Hm, det var ikkje lenge opplettet varte, ny snøbyge på veg.
Og ein ny gjest i epletreet på jakt etter godsaker, Ja, sånn var det i dag, Kosa meg i grunn, kjekt å bruke nokre kalorier etter inntaket av all julematen dei siste dagane. Gler no meg til neste økt eg :-))
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar