Sider

19.01.2015 Svaner

 Ja, ja..så er eg påan igjen. Lenge sia eg var innom bloggen.  Mange som lurer på om eg har slutta, men det er ikkje så lett å finne på nokke å skrive om kvar dag.Har fri i dag, og tenkte eg måtte kule ned etter ei hard arbeidshelg og berre kose meg. Tok ein titt rundt om i hyller og skap,  og fann den eine svana etter den andre. Må berre tilstå at eg har samla på disse krystallsvanene i mange år. Veit ikkje kvifor, men dei er no vakre i mine auge i allefall. Den største på bilde her kjem heilt i frå Amerika, den med kvitt på er ifrå Venesia. Den gule er ei gåve osv..har full kontroll altså :-)

 Det var dette heftet laga av sjølvaste  Ingrid Espelid som sette meg på ideen om å bake svaner, og ettersom eg beundrer desse vakre fuglane, vart det mi greie å lage sånne.
 Her er bildet  som virkelig inspirerte meg til å prøve. Huska ikkje ka tid dette var, men det er lenge sia. Så det blir svaner eg lager hvis det er nokken eg vil imponere, og dei fleste lurer fole på korleis det går an å få det til. Det er ikkje så vanskelig,  og no skal eg prøve å avsløre kunsten.
 Som dåkke nok forstår,  så er det vannbakelse det er snakk om. Det er kun vatn, smør, mjøl og egg som skal til.
 Viktig å ha smøret i terninger, koke opp i vatnet.
 Sikte mjølet på eit papir og ha det klart
 Må ha litt kontroll på egga, ikkje alltid det går med fire egg, det er størrelsen det kjem an på :-)
 Ta kjelen av plata, ha i alt mjølet på ein gong

Måtte til med nytt tidsur, den trofaste marihøna frå New York takka for seg i jula, men får bli med likevel, 5- 6 minutt skal røra godgjere seg på svak varme.Det er viktig å røre slik at deigen samler seg i panna.

 Etter avkjøling vart egga tilsatt, ett i gangen, og det må rørsast godt . Deigen i dag vart litt fast, men eg fekk det no til likevel.

 Så er det å lage til litt avlange "boller" og steike dei i ca. ein halv time ved 200 grader uten å åpne døra.
 Lager meg eit kremmerhus for å forme halsane. Det var litt vanskelig pga at deigen var litt fast, men som dåkke ser, er det berre å forme 2 tall
 Ti minutt i ovnen ved 200 grdder
 Her er resultatet..no må dei bli kalde.
Halsane vart litt tjukke i dag, men det får berre våge seg.
 Her har eg gjort meg klar til montering. Piska krem må til
Så er det berre å dele bollen i to,ha krem på eine halvparten og klippe den andre i to. Då er det berre å stikke halsen inn i kremen og breie dei to vingane over kremen..
 ..og vips..så blir det ei svane. Bruker å drysse litt melis over like før servering.
 Det vart ein heil flokk i dag
 Følte dei titta på meg, så eg var snar å sette dei i kjøleskapet ..


..men laga meg ein kaffitår og måtte smake på godsakene. Kosa meg. Då er det berre å prøve seg fram, ingen heksekunst som dåkke ser. Lykke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar