Sider

02022015 Fjøretur med vårfornemmelse i februar.

Endelig viser sola seg her i Haugane 12, nokre mnd. sia sist. Nabohuset står i vegen som dåkke ser, så eg fann på å ta meg ein tur ut og nyte solskinnet.

 Den første eg traff på var nabokatten som hadde funne seg ei lun krå.

 Dei fleste stikk til fjells på slike dager, men eg har no ei dragning mot sjøen. Båten står i hagen for tida, så eg må nøye meg med ein tur i fjøra. Først nokre blider frå mitt nærmiljø her i sentrum




 Dette er frå elveosen. Var på utkikk etter nokre svaner som held til her, men i dag var dei på tur også.
Dette er på andre sida av fjorden,  og det er Blåkallen i Misund som er lengst ute, innafor der ligg Hellenakken. Har planer om ein tur dit til sommeren.


Dette er den vakre steinbrua som er inngangen til Vatne,  ein flaskehals i trafikksamanheng synes mange, og det er planer om ny bru, men det var ditta med å bevilge penger då. Eg synes den er ein naturlig fartsdemper før ein kjem til sentrum. Blir det ny veg, fyk alle forbi i full fart.
 Fint i dag, passelig vannføring

 Skulla ønska eg var utpå her, men det kjem sikkert fleire slike dager.

 Ikkje berre eg som kosa meg
 Det har vore kalde netter, men i dag var disse i fare for å forsvinne.

 Vatne sentrum frå aust

 Det var skikkelig fjøre, fekk ikkje fram dei fine fargane med dette bildet  desverre.

 Gjekk meg på desse skarvane som også kosa seg i sola.

 Eg vart sjølsagt oppdaga, og då letta ein stor flokk hegrer, dei hekker i eit skogholt like ved.

 Skarvane var ikkje så lettskremte og let seg avbilde. Zoomer , så bilda blir litt uklare.




 Her sit hegrene på rekke, og venter på at eg skal gå min veg.


Eg tok vegen gjennom eit lite skogholt, og der var det mykje gammal piggtråd. Om det er rester etter krigen veit eg ikkje sikkert, men det skulla vore fjerna i allefall. Denne utflukta var høgdepunktet denne dagen, gler meg til det vårast på rett....i dag er det kvitt ute..det skifter fort , men sola er på rett veg i allefall...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar