Sider

04022015 Middag på busjett 2. bidrag

Må no vise fram spirane mine, må bli pynt på suppa nokre av dei i dag. Oppdaga at grønnkålen var gått ut på dato, så då må det bli den som må til pers i dag.

 Fann fram det som måtte passe i ei grønn suppe.
 Leita også fram ei oppskrift, men berre som støttekontakt.
No er eg klar til aksjon. Brokkolien var overmoden, men stilken fekk bli med i lag med nokre poteter, løk og dei finaste brokkolibukettane.

Hadde vatn og buljongterninga i gryta,tilsatte dei oppdelte grønsakene, og toppa det heile med grønnkålen. Kokte i 10 min.

 Grønnkålen er å få kjøpt ferdig vaska og oppkutta og er klar til bruk.

Fekk ein omgang med stavmikseren etter kokinga, og då er det berre å smake til suppa, etter smak og behag som det heiter. Eg valgte salt, pepper og potetkrydder i dag..

 ..og litt ramsløkpure`
Ein skvett rømme og litt brunsukker faktisk.
 Tilbehøret vart sprøstekt bacon , men hardkokte egg , brød og sånt er godt til.

 Og pynta med solsikkespirene.
Det vart ein bra porsjon suppe, men med forskjellig tilbehør, blir det fleire  ulike måltid. Eg  synes det smaker godt i allefall...det er berre å prøve. Lykke til.

2 kommentarer:

  1. Det såg godt ut! Send i posten, takk.

    SvarSlett
  2. Du lyt nok ta deg ein tur heim, påske snart :-))

    SvarSlett