Hallo igjen! Skulle ikkje tru eg oppheld meg i same landet som i helga, då var det vår i lufta, i allefall her i låglandet. I dag var det vinter for fullt. Hadde no tenkt meg ein tur ut i dag, men lavt skydekke og snø frista meir til inneaktivitet. Oppdaga til min store skrekk at vaskemaskina klikka, så no blir det spikersuppe ei stund framover.
Løk..
..enda meir løk..
Det vart paprika istaden for chili , nesten same nytta.
Alt fekk ein omgang i gryta ilag med olje
Grønsaksbuljong måtte til og to pakker hakka tomater
Tomatforsterkning i form av pure`
Chilierstatning i form av pulver
Då er det full rulle på komfyren. Koking av makaroni, sjølve suppa måtte koke i ti min. og egg måtte til.
Har fått meg stavmikser, kjekt å ha.
Fann ein skvett fløte også, dette blir bra.
Kom på i siste liten at eg hadde ramsløk på glass også. Passer blandt anna i suppe stod det på glaset, så eg tok litt for å prøve.
Suppa vart kjempegod, prøvde med forskjellig tilbehør, som krydderolje, pesto og ein slags parmesanost.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar