Sider

21022015 Ein dag på laboratoriet anno 2015


Ok, får prøve å få til eit innlegg til. Tenkte å ta dåkke med på jobb ein dag,  mest for å fortelle korleis det går føre seg no om dagane , altså anno 2015. Grunnen til det er at i løpet av dette året skal heile laboratoriet forandrast, både med ombygging av lokalet og det blir nye arbeidsrutiner. Matpakken er klar, så bli med på tidligvakt...


 Uff det er mørkt så gristidlig, klokka er berre 06.40

 Det er berre å låse døra og komme seg utover
 Måtte berre vise fram mitt ryddige kleskap og at fottøyet er i orden.


Då er det dagens første trim. Skal opp fire etg. Det blir 57 trappetrinn a` ca. 25 cm..altså 14 m for dag, ca 85 m for veka og nesten 4 MIL i året! Pluss masse trakking elles, Husker ein som hadde på seg trinnteller på vakt . Då den viste 10000 trinn nekta han å rikke seg ein meter til, for det var nok på ein dag i følge trimeksperter :-) påstod han.

Då var det å komme seg andpusten inn på lukka avdeling.
Dette er det første vi møter, prøvetakingstraller...

..og så er det å ta ein titt på alle etikettane som er sirlig fordelte avdelingsvis, klargjort til stikkerunde.Det er det nattevaktene som ordner.


Neste steg er å sjekke kva oppgaver du skal ha denne dagen, og ta ein titt på sjukefråveret...kanskje du blir flytta rundtomkring for å få kabalen til å gå opp. Ja, ja..kaffi først.

Dette er ein modell av nymaskinene som skal komme. Det var dette som fekk meg til å ta litt bilder før alt det gamle og kjente er borte for alltid.

Ein liten passiar med eine nattevakta før vaktskifte.

Her har eg vore ute på stikkerunde og skal levere dagens fangst.

Dette er den første blide dama eg fanga opp. Trur ho var glad eg kom, for i dag er det min jobb å åpne alle dissa pakkane med prøver frå posten, ho skulle igrunn begynne litt då..


Då er eg i gang med første stativ

Her er den andre blide dama, ho skal bestille alle dei tilsendte prøvene på data.

Dette er dagens fangst frå posten


Her er den tredje dama, ikkje fullt så smilende, men i fullt arbeid å merke alle glasa.

Vil berre vise korleis vi sorterer prøvene

Alt av serum- og plasma analyser blir fordelte i denne roboten, den er litt humørsjuk til tider, men i dag funka den fint. Den syng nok på siste verset heldigvis, trur nok mange er enige med meg i det.



Her er den fjerde blide dama, ho mater og tømmer maskina og passer på hasteprøver og sånt.

Dette er prøver klare til analysering inn til..

..den femte blide dama inne i dette lydtette buret. Ho leiter etter hormoner, allergener og sånt.

Litt vedlikehold må også til, dette blir den sjette dama eg fekk ta bilde av. Ho er nok ei av dei blidaste damene på labben , eg fekk ikkje fram det desverre, men no har eg fortalt det i allefall.


Eit glimt inn i maskina som leiter etter Na, K, Cl osv..
Slik ser det ut i sjølve lablokalet no, maskinene er bura inne.Men vi kan gå inn ..


...og utatt på andre sida.

Ferdig analysert, godkjent, verifisert og klar for arkivering. Dette er nok eit syn som blir historie snart.

Litt diskusjon må til. Sjuande  og åttande dame, blide begge to sånn på det jamne.

Då vart dei enige, og eit svar litt på kanten må ringast ut. Servise må til.


No har eg forflytta meg litt lenger innover og traff på ein herre( uten bart), han ville helst ha fred for fotografen, men ga seg på det tilslutt. Dette er det vi kaller hematologien, det er blodprosent, senkning og sånne ting som blir sjekka her inne.Denne delen er ferdig renovert og slepp unna nokke forandring.

 
Enda ei blid dame..no har eg komt ut av tellinga for eg traff på fleire. Berre nyt bilda under.


Uriner som blir testa

Blodgasser her
Pakking av sendeprøver ut av fylket
Den siste blide dama hadde nokke ho ikkje var heilt fornøgd med forresten. Sjekk alle" lappane" som må klistrast på sendeposen for å få dei avgarde. Likt på begge sider, altså 8 klistermerke. Ikkje til å forstå i grunn.

Litt smisking må også til.
Nøyaktighet er eit must i vår bransje, så pipettekontroll høyrer med.
No er arbeidsdagen snart over, og sia det er fredag er det tid for litt kos. Denne blidaste dama av alle i dag tok kosen litt på forskudd. Vinflaska blir ikkje spretta, men is med div. tilbehør blir servert.

Og så dukker resten av damene og nokre herrer opp. God start på helga for dei som har frihelg i allefall.
Då var det berre å kose frå seg, rydde opp og tenke på heimvegen. Det vart ei langt innlegg, men greitt å ha nokke å sjå tilbake på når alt det nye er innkjørt og blitt vår nye kvardag.
Må vel ta meg ei ny runde med fotoapparatet då.
Det var den tidligvakta,.Det eg styra med på heimvegen får bli ei hemlighet, må no ha nokke for meg sjøl....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar