Hm, lenge sidan eg var innom her, men til mi store glede ser eg at det finst dei som tek ein titt. Eg har jobba masse i det siste og så har eg vore på tur. Det vart tur til London i år også, akkurat eit år sia sist. Greit å komme seg ut av dørene til tider,og så kjenne at det er greitt å komme seg heimatt også. Turen starta nesten midt på natta, opp kl. 04.00. Det viste seg at vi var ute i svært god tid før avgang på Vigra, eg var der nesten åleine ei stund og fekk beundre den nye avgangshallen i fred og ro...
...og her dukka mitt reisefølge opp.
Måtte ha med meg dei siste lokale nyheitene og litt frokost. Flyskrekken måtte bli med på turen for ølkranane var stengt til lenge etter vi var reist. Turen gjekk likevel fint, var nedom både Gardemoen og Sola, så det tok si tid. Ikkje verst for meg..
...som dåkke ser er det ei blid dame som endelig er framme i røykekroken på Heathrow.
Eit litt uklart sjølknips på toget inn til byen, Vi gleder oss til nokre dager på byen.
Kjempeflott hotellrom med gedigne senger, den største vart mi.
No er vi i gang...venter på ein gjeng fotballnerder. Vi skal på den første forbredelsen før kampen i morgå
Målet var denne flotte stadioen, skal på omvisning inn i det aller helligste.
Då den eine etter den andre dukka opp vart det eit snev av sølvrev i lufta, men greitt det.
Flott stadion
Tok meg ein tur rundt med fotoapparatet, her er det eit glimt av butikken
No er vi i gang med omvisninga, ein staselig skotte som viste oss rundt
Tom stadion, kanonene er Arsenal sitt varemerke og dukka opp overalt.
Dette er frå vippane sin plass, vi fekk prøvesitte dei mjuke stolane, Rangordning finst visst overalt.
Må no vise den gjevaste pokalen, som bevis på 49 seiere på rad.
Sjølvaste spillertunellen..
..og så bar det inn i den flotte gaderoben til alle heltane.
Der var både svalande basseng
og eit flott behandlingsrom, ikkje nokke tull her nei. Alt var flott og det var faktisk greitt å få eit glimt inn i ei ny verd for meg.
Etterpå tok vi ein tur rundt og titta på nærmiljøet rundt hotellet
Her traff vi på ei som ville fortelle om Jehovas vitner og deira budskap, Kari fekk "vind på mølla" og diskusjonen var i gang. Tok meg ein titt på blomster og sånt eg medan argumenta hagla.
Sånne har vi i Vatnefjorden også, legg merke til prisen.
Fekk no litt vårstemning også sjøl om det var litt kald vind.
No er kampdagen her og vi er kampklare, er no godt kjente på stadionen etter gårsdagen og fann plassane våre
..Sjekker at alt er på plass, peng, kort, ligther osv..
Følte meg lita faktisk der eg gjekk, for stadioen var kjempestor.
På plass på rett sete. tidlig ute som vanlig
Det var fotball vi skulle på, men det vart bryting først.
Sjefen taler og vi er i gang..
Laga kjem inn under stor jubel
..Og nesten som med eit trylleslag er stadionen full
Over 60000 tilskuere
Det vart ein underholdenede kamp og heldigvis seier for det rette laget for vår del.
Disse tala skapte stor jubel dit vi skulle etterpå også
Nemlig på Gunners pub, der ølet smakte kjempegodt og endå meir fotball på TV
Glede over seieren. Sist vi var her var stemninga litt laber etter eit stortap, men det var glømt no.
Nest siste dagen tok vi ein tur på ei ny plass for oss, det var nokke eg såg i eit vekeblad. Søndagane skulle det vere eit stort marked, eg fekk viljen min.
Det første vi møtte var dette kunstverket, trøtte tenner i lange baner. Passa godt til oss, for det viste seg at vi tilårskomnene damene har problemer med trette utslitne jeksler, litt vanskelig å forklare,men eg har kontakta tannlegen i dag..nok om det.
Det var masse flott tagging å sjå.
Leita litt, men det var berre spennende
Vi fann fram og det var ei skikkelig stor oppleving å sjå og smake på matretter frå mange himmelstrøk, godt øl der også.
Megastore marengser
Mmmm, sjokolade
Enda meir mat, trur det var her vi enda opp å handla inn lunsjen.
Ny attraksjon i London : "Smokers corner" utenfor Hilton hotell.
Sånn såg det ut ved frokstbufeten, minnte meg om bildet frå Vigra berre..
Då var det heile snart over. Det vart litt venting på Gardemoen, så eg benytta tida som rehab, derfor Munkholm på meg, men i eit kult glas. Hvis nokken av dåkke ser meg som fotjenger i nokre mnd. så er det ikkje alkoholen som har skylda, men ei forbaska fotoboks på veg heim. Det blinka knallrødt i det eg passerte, så det blir spennende å høyre frå politiet etterkvart. Har ordna meg med privatsjåfør i verste fall. Takk for følge Kari, vi hadde det kjekt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar